Kåseri av Anders Haugland på årsmøtet i Kvinnherad sogelag 22. april 2017 Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland (etter reformasjonen og fram til 1800-talet) Me går 370 år tilbake i tid. Til ein mørk ettermiddag på onsdagen den 13. oktober 1647. Sørover gjennom Høylandssundet sigla det ein vengebåt (husbåt). Om bord sat 15 menneske: ikkje mindre […]

Ordførar i Kvinnherad i ein mannsalder I 1914 vart Ingemar Traavik vald inn i Kvinnherad heradsstyre, og i 1917 vart han vald til ordførar. Han var «eit arbeidsjarn, med evne til å få sakene unna», skriv Erling Vaage i Kvinnherad 1 (1987). Ordførarvervet hadde han heilt til sin død i 1949, med unnatak av nokre […]

Besten va so tela på sjødn ein dag, han va so hikjen på fisk. Da såg ut til å bli nedberdsla, so han tok våsakle med seg.

SLÅMASKINA Ein liten tanke i frå den gongen, eg haurde duren av slåmaskinsongen. Besten slo vendeteigen med ljå, og i stallen vart øykjen sela på. Orepinn i, bukjore strama, faks og man strigla, Viktoria heitte dama. Slåmaskinskniven slipa og kvekt, ein arv  frå slekt te slekt.

Egil Hovda har skrive ein artikkelserie om skule og lagsarbeid i Omvikdalen. Endringar og nye tankar møtte stundom splid og usemje i bygda: Ei nytilsett kvinneleg lærarinne satt i fleire dagar og venta på elevar som ikkje møtte. Då fekk ho beskjed frå ein av bygdas beste menn :» Vi har engasjert ein mannleg lærar, […]

Aktivitetar med utgangspunkt i ungdomslaget (1888 – 1984) 1889 Omvikdalen Songarlag 1890 Vegparsellen Sandvik-Landa og Ripel-Fedt 1992 Nytt forsamlingshus saman med Indremisjonen på Bjørkevollen 1902 Utgraving av kjellaren til skulen på Fitjaheio 1933 Folkebadet 1938 Nytt ungdomslagshus på Fitjaheio 1946 Omvikdalen Idrettslag, som lag under ungdomslaget. 1957 Rubbestadnes Yrkesskule avd. Kvinnherad. 1976 Omvikdalen Idrettslag,starta på […]