Gåve til Krigshistorisk gruppe i Kvinnherad sogelag

Haustutdelinga til Sparebank1-stiftinga var dette året på nesten 4 mill. kroner. Krigshistorisk gruppe i sogelaget hadde søkt om kr 60.000 til kjøp av dokumentasjon frå ulike arkiv, og fekk tildelt heile summen.
«Vi har henta ut det vi finn i dei arkiv der vi får gratis eller billeg tilgang. Men vi ser at det ligg svært interessante dokument om Kvinnherad si historie i åra 1939 til 1945 i arkiv og hjå private samlarar i inn og utland. Desse kostar dyrt å få ut, sume tek td 50 kroner for å kopiere ei einaste side», sa Lars Børge Sæberg då han takka for gåva.
Han og Trond Ramsøy var på utdelinga, og Sæberg gav Ramsøy mykje av æra for det arbeidet som alt var gjort. «Han har skaffa seg eit utruleg nettverk, og har funne dokumentasjon på at aktiviteten i Kvinnherad under krigen var mykje større enn nokon har trudd. Fallskjermslepp, Milorgtropp og radiosendarar i kontakt med London er berre noko av det som er kome fram.»

Trond Ramsøy held fram at vi er i eit viktig skifte akkurat no. «Den generasjonen som var med under krigen er nesten borte, og ofte veit ikkje etterkomarane kor viktige minne foreldra let etter seg.I staden for at dei let bilete og dokument gå som søppel, må vi prøva å bevara det for ettertida.»
Trond seier at nokre av dei viktigaste dokumenta og dei finaste bileta alt er kjøpte av andre, og det er mellom anna desse som det no er aktuellt å kjøpa kopiar av. «Så gåva frå Sparebank1-stiftinga kjem svært vel med!» legg han til.

Tekst og foto Lars Børge Sæberg