Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland

Kåseri av Anders Haugland på årsmøtet i Kvinnherad sogelag 22. april 2017
Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland (etter reformasjonen og fram til 1800-talet)

Me går 370 år tilbake i tid. Til ein mørk ettermiddag på onsdagen den 13. oktober 1647.

Sørover gjennom Høylandssundet sigla det ein vengebåt (husbåt). Om bord sat 15 menneske: ikkje mindre enn ti rorskarar og tre tenarar og deira to høge herrar: futen Ananias Absalonsen og sorenskrivaren Jørgen Klementsen. Dei to som styrte tingseta i Sunnhordland. Dei kom frå Valo (Valen) i dåverande Skånevik skipreide, nå i Kvinnherad kommune. Dei var på veg til neste tingsete, i Etne.

Futen og skrivaren var kledde slik det høvde seg for herrar av deira rang: Med svarte hattar og mørkebrune reisekjortlar som dei bar over skuldrene. Og dei sat godt i båten, med mjuke benkeputer under seg. Med seg hadde dei det utstyret som trongst til å livberga seg med: fleire bommer med mat og nokre flasker med drikke.
Eit spanskrøyr fortalde om deira makt og mynde, og kva som venta seg den som sa dei imot.
Fleire jarnslegne eikeskrin inneheldt skattepengar, protokoll og skrivesaker – kort sagt det som trongst for å gjennomføra tingsamlinga på den neste tingstaden.

Vinden bles friskt, og båten hadde god bør. Snart nådde dei Skåneviksfjorden. Her hadde dei seglet nede, og rorskarane la seg på årane og rodde for harde livet – for å koma seg ut frå land. Det lukkast, og dei kunne heisa seglet igjen. Vinden tok godt tak i seglduken, og båten gjorde god fart mot sør.

Snart kunne dei sjå øya Taraldsøy på babord side. På motsett side såg dei Fjelberg (som tyder god bør!) med Borgundøy. Eller iallfall skimta dei øyane ikring seg. Over dei låg himmelen mørk og trugande. Og haglbygene kom tett, med bråe stormkast.

I same stund for husmannen Jens Dyrnes ute i markene på Borgundøy. Han ville sjå til sauene sine. Hadde vondt av dei i det ufyselege veret.

Frå utmarka såg han ut på fjorden, og fekk auga på den store tingbåten. Han såg korleis rorskarane la seg på årane, før dei fekk opp seglet like utanfor ein stad som heiter Segelberg, og at dei fekk god bør sørover.

Då hende det: Eit stormkast kom over båten, og kvelvde han på ein augneblink.

Kva kunne vel husmannen Jens gjera i dette uveret? Ingen ting!

Neste dag var det to karar som kom ned til stranda på Aksland, like innanfor Taraldsøy. Der var det reke inn mykje vrakgods, m.a. ei spanskrøyr og eit par benkeputer. Så rodde dei ut til Taraldsøy og fann den havarerte tingbåten knust i fjæresteinane. Men framleis stod seglet oppe, på halv mast.

I vraket fann dei to svarte hattar og ein brun reisekjortel, forutan flastefor og ei knust bomme. Men menneske såg dei ingenting til, verken levande eller døde.

Lenger sør på Skånevikstranda fann dei meir vrakgods, m.a. ein kuffert, ei bomme og det kvite skrivarskrinet. Sidan sokna dei med snøre og ongel, og fann det store futeskrinet og eit blekkskrin, og endå nokre saker som høyrde tingbåten til. Men noko lik fann dei ikkje, heller ikkje rettsprotokollen – den gamle tingboka. Alt var borte, for godt.

Denne tragiske tingferda gjev oss eit innblikk i reisene mellom tingstadene i det gamle Sunnhordland. Alltid i båt, med eit titals rorskarar ved årane og futen og skrivaren om bord. Det var dei to som styrte ståket på tinget.

Den same ruta reiste dei kvart einaste år, to gonger i året: vår og haust. Med to tingsamlingar i året, vårting og haustting.

Innimellom desse to faste tingsamlingane kunne det falla ekstraordinære tingsete, som i januar 1648 i Skånevik. Då skulle det takast vitneavhøyr etter den tragiske tingferda i Skåneviksfjorden. Nå med ein ny fut og ein ny skrivar . Dei hadde ingen protokoll å skriva i og måtte bruka lause ark. Men ei ny tingbok var skaffa i løpet av dette året 1648. Og den har me framleis, og er den eldste tingboka som er bevart.

Alltid reiste dei med sola, frå nord i Os (som på den tid var rekna som ein del av Sunnhordland futedømme) mot aust, sør og vest og tilbake mot nord. I denne rekkefølgja, frå skipreide til skipreide: Os, Strandvik, Strandebarm, Kvinnherad, Skånevik, Etne, Fjelberg, Førde (Sveio), Føyno (Bømlo/Stord), Våg (Fitjar/Austevoll) og til sist til Uggdal (Tysnes) skipreide.

Skipreide var den verdslege inndelinga, i motsetnad til den kyrkjelege inndelinga i sokner og prestegjeld. Opphavleg var skipreida eit geografisk område som til saman skulle halda eit krigsskip med mannskap, mat og utrustning, klar til innsats i krig. Men dette var blitt omgjort til ein skatt (leidangsskatten), medan inndelinga av skipreide heldt fram, no som grunnlag for skatteinnkreving og rettargang.

Kvart skipreide, også det gamle Kvinnherad skipreide, der me nå er, hadde sin eigen lensmann. Han var ein bonde av god ætt, og ein del av folket, eller «allmuen». Han stod rett under futen, og hjelpte futen med skatteinnkreving og tinghald. Ja, som regel heldt han tingstove, der rettssakene vart førte. Ofte var det i hans eigen heim, om ikkje alltid.

Lensmannen var futen si høgre hand i kvar skipreide, og sørgde for innkvartering av både fut og skrivar. Desse to som var hovudaktørane i tingretten: futen som aktor og skrivaren som dommar.

Vel, opphavleg var ikkje skrivaren dommar. Det var bøndene som dømde, som utvalde lagrettesmenn valde av folket på tinget – 12 i talet.

I 1591 innførte kongen i København sorenskrivarembetet, med ein såkalla svoren skrivar som skulle vera juridisk sakkyndig og føra sakene med felte dommar på papir.

Men alt frå 1634 vart den eidsvorne skrivaren, eller sorenskrivaren, meddommar. Og med si juridiske utdanning vart han snart den mektigaste mannen på tinget, ved sida av futen. Ja, han vart etter kvart å rekna som einedommar, medan lagrettesmennene vart reduserte til ein slags vitne.

Nå var skrivaren blitt den mektigaste mannen på tinget, ved sida og dels over futen. Men det hadde nok også med personane å gjera, korleis dei utøvde sitt embete.

Eg har arbeidt ein del med bygdebøker for Nordhordland, nærare bestemt Radøy. Der budde det ei tid ein danskfødd skrivar som Christian Nicolai Abo og som utøvde sitt embete på ein svært autoritær måte. Med seg hadde han både spanskrøyr og ein mannevond hund, som han slepte laus på tiltalte som ikkje godvillig tilstod sin brøde. Men det førte til slutt til sorenskrivaren sitt fall. Statthaldaren greip inn og avsette skrivaren. Den slags overgrep mot allmugen vart ikkje tolerert!

Stort sett gjekk det fredeleg for seg i tingstova, endå det var mange bygdefolk samla. Ein del var stemna, som tiltalt eller som vitne, og hadde oppmøteplikt. Andre møtte av fri vilje, kanskje helst av forviteskap.

Ja, på mange vis var det vel den tids underhaldning, i ei tid utan så mykje av den slags. Og her fekk dei høyra nytt.

Her tok lensmann og fut imot skatten, ialle fall leidangsskatten, den som kom i staden for utreiing av leidangskipet. Og futen drog skatteskrinet med seg, frå tingstad til tingstad. Til skrinet hans hamna uti djupaste Skåneviksfjorden i 1647, med heile den innkravde leidangskatten.

Skatteinnkrevinga vart ikkje førd inn i tingboka, men i eigne skattelister.

Derimot førte dei inn alle dei dokument som skulle lesast på tinget, eller tinglesast. Ja, heilt til våre dagar har dei drive på med å tinglesa dokument. Men eigentleg er det berre ordet tinglesing som har overlevd, og innføringa i offentlege protokollar og arkiv. Men det er nokre mannsaldrar sidan dei las dokumenta opp på tinget.

Tvistesakene tok mykje plass på tinget og i protokollane. Ofte galdt det gamle skiftegrenser mellom gardar og gardsbruk. Det var ikkje alltid så lett, når det gjerne var basert på munnlege tradisjonar og teigblandinga rådde på mange gardar. Kor langt kunne eigentleg naboen spa åker eller slå gras i innmarka, og kor mange dyr kunne han ha på beite i den felles utmarka?

Straffesakene er likevel dei mest dominerande sakene på tinget.
Og det som gjerne gjer mest inntrykk på ein, iallfall på meg, er dei fælslege straffene for trollskap, blodskam og seksuelle brotsverk.

Alt dette blir skjerpa i tida etter reformasjonen. Me ser det same over store delar av Europa: Tilbakevending til Moselovene i Det gamle testamentet, og deira veldige vektlegging av synd og straff.

For å eit par døme frå tredje Moseboka: ”Ei trollkvinne skal du ikkje la leva” – ”Tek nokon både mor og dotter til kone, så er det skjemdarferd, dei skal brennast på bål, både han og dei”.

I Danmark-Norge skjer dette gjennom nye ordinansar og forordningar på 1580-talet. Såleis får Bergen og Stavanger stift eit kongeleg påbod om dødsstraff for trolldom i 1584, og fem år seinare får me den strenge ekteskapsordinansen.

Sunnhordland slapp ikkje heilt fri trolldomssakene. Eitt av offera var Ingeborg Olsdotter frå Moster. Ho vart dømd for sine trolldomskunster og pint grundig tre gonger – før ho vart bunden til ein stige og kasta på bålet.

Men det var ikkje trolldomssakene som dominerte. Nei, det var heller samliv utanfor ekteskapet og ikkje minst før ekteskapet.

Ja, mange var det som måtte krypa til korset fordi ”hans qwinde” – som det gjerne heitte, eller hans unge kone, var komen i barsel og hadde fødd deira førstefødte barn før dei påbodne ni månadene var gått etter at presten hadde lagt si hand på det unge paret.

Det hjelpte lite at den unge ektemannen kom fram på tinget – med alle auger retta imot seg – og bedyra at ”at hans qwinde ikke havde gaaet sin tid ud”, altså hadde fått barnet eit par veker før dei ni månadene var gått: Han måtte betala si bot.

Med litt ironi kan me vel seia at det var den tids omvende barnetrygd, ei bot å betala til lensmann og fut.

Endå verre var det om brura var gravid og hadde late seg pynta med sølvkrone på hovudet. Det skjedde i Hjelmarvik på Skånevikstrondo. Ikkje berre måtte brudgomen og brura betala for sine synder. Også dei to kvinnene som hadde pynta brura og sett krona på hennar hovud, vart dregne for retten og tiltalte. For krona var symbolet på den reine moder, og på Jomfru Maria.

I Christian den 4des lov av 1687 vart mykje av dette tatt inn i kongens nye lover. Me får ikkje noka liberalisering eller humanisering av lovverket, slik me gjerne kunne tru. Tida var nok ikkje inne for slikt.

Tvert imot finn me mange av moselovene sine ord og vendingar i det nye lovverket, og same slags tankegang om synd og straff. Der sverdet og bålet var føreskrivne for dei verste syndene, som helst var å rekna som brotsverk mot Mosebøkene sin refsande gud – Jave.

Likevel skjedde det ei viss humanisering utover på 1700-talet, ikkje på grunn av nye lover men meir av ei meir lempeleg praktisering av lovverket. Båla blei sløkte på rettarstaden, og bøddelen kom ikkje fullt så ofte med sverd og øks.

Nye tankar var komne til Europa og Danmark/Norge. Det blei lagt større vekt på kunnskap og velferd ute blant folket. Gradvis vart rettsvesenet humanisert.

Men det gjekk ikkje så fort. Kanskje ikkje så fort at folk flest merka det. Men ser me tingbøkene over tid, er det stor skilnad, ja, ein stor framgang frå 1700 til 1800.

Men tingskipnaden var som før, i Danmark-Norge og her i Sunnhordland. Skipreidene langs norskekysten var dei same. Framleis var det lensmannen som styrte dei verdslege sakene i kvar skipreide. Og lensmannen var futen sin underordna, som hjelpte både sin herre og den svorne skrivaren med sakene på tinget.

Og framleis reiste dei i den same leia, vår og haust, kvart einaste år – frå Os i nord, så mot aust og sør og vest – og tilbake til utgangspunktet.

Kvar einaste gong var kom dei innom Kvinnherad, der lensmannen hadde gjort tingstova klar. Og folket samlast for å ta imot både fut og skrivar – og betala sine skattar og høyra siste nytt.