Frå venstre, Cort Holtermann, Kari Fedt Haugsbakk og leiar i sogelaget Halvor Medhus.

Frå venstre, Cort Holtermann, Kari Fedt Haugsbakk og leiar i sogelaget Halvor Medhus.

Torsdag 23.mai delte Sparebank1-stiftinga ut pengegåver til lag og organisasjonar i Kvinherad. Kvinnherad sogelag fekk kr 15.000 til Kvinnhersminne årbok XVI for 2013. Leiaren Halvor Medhus orienterte om arbeidet til sogelaget og årboka som kjem til hausten. Han takka for den kjærkomne pengegåva. Til stades frå sogelaget var og Cort Holtermann og Kari Fedt Haugsbakk.
 

Årsmelding for 2012 ved årsmøtet 27. april 2013

Årsmøtet 2012 vart halde på Bjørnebøle, laurdag 21. april,
og avvikla i samsvar med vedtektene.

Les meir

Årsmøte i Kvinnherad Sogelag vart halde i Olaløo i Mauranger 27.04.2013.

Halvor Medhus ynskte velkommen, og leia årsmøtet. 36 medlemar hadde funne vegen til Olaløo denne fine vårdagen.

Les meir

Grenda tysdag 18. september 2012

Grenda tysdag 18. september 2012

På Kvinnherad sogelag sitt årsmøte i Åkra i 2006 vart det vedteke å setja ned ei undergruppe på fem personar som skulle arbeida for meir informasjon om Melskapellet i Rosendal.
Kommunen vart invitert og verksemdsleiar for kultur og fritid, Kristian Bringedal, vart med i arbeidsgruppa.

Les meir

Kvinnherad sogelag har veldig kjekke og interessante årsmøte. I april 2012 var vi på fjellgarden Bjørnebøle. Vi vart svært godt mottekne av vertskapet Anna Ingeborg og Håkon Bjørnebøle. Dei har gjort eit stort arbeid med å restaurera bygningane, samla gamle gjenstandar, og laga eit «levande» tun. Håkon fortalde om soga til fjellgarden, som og var soga om forfedrane hans. Og Anna Ingeborg sine mjelkekaker var festmat!

Bileta er tekne av Brita Fedt Sunde. Sjå fleire bilete ved å klikka på pil eller sjølve biletet.