Hordaland sogelag i vesterveg til Ytre Hebridene

Hordaland sogelag i vesterveg til Ytre Hebridene

Tekst: Mikal Heldal
Foto: Kari Fedt Haugsbakk

Hordaland sogelag sin studietur gjekk dette året til Ytre Hebridane – langt vest mot havet der neste landfaste stopp gjerne kan vera Canada. 40 hordalendingar fekk ein tur rik på inntrykk frå gamalt norsk skattland. Ikkje mindre enn 13 soge/historielag tok del i ein triveleg tur – der det vart knytt kontaktar mellom folk i sogerørsla. Det er folk med ei stor og vidfemnande kunnskapsmengd som tek del i desse turane – og då er det mangt å læra og mange som lærer! Les meir

Det blir stor markering av Onarheimsgildet på Tysnes helga 1. og 2. august. Fullstendig program finn ein på heimesida til Hordaland sogelag.

Årsmøtet vart halde i SKL sitt kurssenter i Matre, laurdag 25.april 2015.

Deltakarar :
Frå styret møtte : Anny Nygaard Mehl, Dagfinn Eide, Rita Martens Meyer, Audun Eik,
Kari Fedt Haugsbakk.

Det var 62 frammøtte, av dei 45 medlemar.
Til å skriva under årsmøteprotokollen vart valde Anfinn Otterå og Ragnar Nøttveit.

Årsmøtet vart opna av leiaren i Kvinnherad sogelag, Anny Nygaard Mehl, ho les diktet Blåfalli, av Samuel Aarholm. Og i god sogelagstradisjon song årsmøtelyden deretter No livnar det i lundar, før ein tok fatt på dei formelle årsmøtesakene. Les meir

Jan Petter Myhre syner plantegning for Blåfoss by.

Jan Petter Myhre syner plantegning for ein Blåfoss by.

Kvinnherad sogelag hadde årsmøte i Matre laurdag 25.april. Mykje folk hadde funne vegen til Matre, ausande regnvær såg ikkje ut til å skremma nokon. Møtet vart halde i SKL sitt flotte kurssenter i Matre, og der vi vart svært god mottekne av informasjonssjef i SKL, Jan Petter Myhre.
Årsmøtesakene gjekk som vanleg greit unna uten merknader. Laget er i fin vekst, og har no 220 medlemer.
Anny Nygaard Mehl held fram som leiar, og det var attval på styret og varafolk. Les meir

Hebridene Callanish_standing_stones_1Hordaland Sogelag arrangerer spanande studietur til Hebridene.
Hebridane vest om Skottland er eit gamalt ”Viking område” som ikkje vert vitja så ofte frå Noreg. Hebridane tilhøyrer Storbritannia og omfattar ca. 500 øyer (ca. 100 bebudde). Arealet er 7283 km² og innbyggjartalet er rundt 30 000. Les meir

Frå Kvinnherad sogelag deltok fem representantar på seminaret. Det var svært nyttig å koma saman og få nye innspel, og høyra korleis andre lag arbeider med årbokutgjeving. Sjå fyldig omtale på heimesida til Hordaland sogelag.

Gode sogelagsfolk

Velkomne til årsmøte i Kvinnherad sogelag
på SKL sitt kurssenter i Matre,
laurdag 25. april kl 13.00.

Sakliste:
1 Godkjenning av innkalling
2 Årsmelding
3 Rekneskap
4 Val
5 Fastsetjing av årspengar for neste år
6 Andre saker
Andre saker må liggja føre hos styret seinast 14 dagar før årsmøtet.

Etter årsmøtesakene er unnagjort, vert det servert lunsj. Den kostar kr 150,-. Les meir

Årsmøtet 2014 vart halde 26. april på Varaldsøy Ungdomshus med 57 frammøtte.
Leiaren i laget ,Halvor Medhus, la fram årsmeldinga.
Skrivaren i laget, Kari Fedt Haugsbakk, la fram rekneskapet for 2013.
Årsmelding og rekneskap vart godkjende uten merknader.
Halvor Medhus har vore leiar i laget i 12 år, og Anny Øvrehus styremedlem i 22 år.
Dei gjekk no ut av styret, og fekk stor takk for arbeidet dei har gjort for sogelaget. Les meir

Ei gruppe i Kvinnherad Sogelag hentar fram ny kunnskap om krigshendingane i Kvinnherad i aprildagane 1940. Med i gruppa er mellom anna Lars Børge Sæberg, Trond Ramsøy og Rolf Ask. På eit møte på Valen i februar i år vart det lagt fram rapportar og utdrag frå dagbøker som dokumenterer hendingane på ein ny og utvida måte. Les meir

Hordaland sogelag i samarbeid med Sunnhordland Museum skipar til seminar om årbøker,
på Sunnhordland museum laurdag 21. mars 2015, kl. 09.00 – ca. 15.30.
Tema er: Årbøker frå sogelaga – seminar om produksjon, distribusjon og samarbeid.

Sjå fullstendig informasjon på heimesida til Hordaland Sogelag