Trond Ramsøy med gåvebrevet

Trond Ramsøy med gåvebrevet

Haustutdelinga til Sparebank1-stiftinga var dette året på nesten 4 mill. kroner. Krigshistorisk gruppe i sogelaget hadde søkt om kr 60.000 til kjøp av dokumentasjon frå ulike arkiv, og fekk tildelt heile summen.
«Vi har henta ut det vi finn i dei arkiv der vi får gratis eller billeg tilgang. Men vi ser at det ligg svært interessante dokument om Kvinnherad si historie i åra 1939 til 1945 i arkiv og hjå private samlarar i inn og utland. Desse kostar dyrt å få ut, sume tek td 50 kroner for å kopiere ei einaste side», sa Lars Børge Sæberg då han takka for gåva. Les meir

husmannsplass-foto-wikipedia

I regi av Landslaget for lokalhistorie vert det arrangert seminar om
Husmannsvesenet fredag 4. november 2016
.
Seminaret vil ta for seg fleire sider ved husmannsvesenet og vert arrangert i forkant av Landslaget sin historielagskonferanse 4.- 6. november.
Sjå sida til Landslaget for lokalhistorie
Deltakaravgift er kr 550.
Påmeldingsfrist for husmannsseminaret er 25. oktober til sekretariat@landslaget.org, eller per post til Landslaget for lokalhistorie, Institutt for historiske studier – NTNU, 7491 Trondheim.
Følg med på sida til Landslaget for lokalhistorie for oppdateringar eller endringer. Les meir

Tor Bringedal vart takka med blomar av leiaren Anny Nygaard Mehl.

Kvinnherad sogelag hadde årsmøte i Holmedal bedehus på Utåker laurdag 23. april.

Medlemar frå heile kommunen, godt og vel 50 i talet, hadde funne vegen til Holmedal bedehus. Der var det fint pynta med påskeliljer og nyutsprungen bjørk, i eit lyst og triveleg lokale.
Leiaren i sogelaget, Anny Nygaard Mehl, loste oss gjennom årsmøtesakene, som gjekk raskt unna. Les meir

Årsmelding Kvinnherad sogelag 2015

Årsmøte nr 30 i sogelaget vart halde i SKL sitt kurssenter i Matre 25. april 2015.
Mykje folk hadde funne vegen til Matre denne regntunge laurdagen i april.
Årsmelding var sendt ut på førehand, og årsmøtet gjekk greit unna utan merknader. Les meir

Krigshistorisk gruppe årsmelding 2015.

Gruppa vart skipa i 2012, og er ei laust samansett samling av enkeltpersonar som har interesse for hendingane knytte til andre verdskrigen, med særskilt fokus på Kvinnherad.
Gruppa har ikkje nokon fast struktur. Målet er å samla kunnskap om krigen i Kvinnherad og gjera kunnskapen tilgjengeleg for fleire.
8. mai hadde Trond Ramsøy, Einar Gjertsen og Lars Børge Sæberg orientering om kampane i Ytre Hardangerfjord for eit fullsett stemneplasshus i Uskedalen. 27. aug heldt vi føredrag under museumsdagen på Rød, også her for eit fullsett hus. Les meir

Krigshistorisk gruppe er ei undergruppe av Kvinnherad sogelag. Trond Ramsøy og Lars Børge Sæberg er svært sentrale i gruppa, og saman med Kristian Bringedal hadde dei lagt til rette programmet : «I løytnant Sven Bugge sine fotspor frå april til 10. mai 1940.» .

Trond Ramsøy fortel om hendingane i Herøysund til ein del av familien Bugge.

Trond Ramsøy fortel om hendingane i Herøysund til ein del av familien Bugge.

På uskedalen.no, kan ein m.a. lesa : Sven Bugge var utdanna skipsførar. Som vernepliktig løytnant i 1940 vart han sjef på vaktbåten HAUS, som var stasjonert utanfor Bergen. I aprildagane utførte Bugge mange dristige oppdrag i Kvam og i Kvinnherad, i kamp og ikkje minst bak fiendens linjer. Les meir

Kvinnherad sogelag skal ha årsmøtet sitt i Holmedal bedehus på Utåker laurdag 23. april kl 13.00.
Årsmøtepapira er sendt ut til alle medlemane.
Etter årsmøtesakene, som vi reknar med går greitt unna, vert det servert lunsj.

Tor Bringedal

Tor Bringedal


På årsmøtet i år har vi fått med oss Tor Bringedal. «Galleriglyttar og andre kjelder til lokalhistorie» er tittelen på føredraget hans. Les meir

Egil Hovda har skrive ein artikkel om kolamilene på Landa, og skogen som økonomisk ressurs. I artikkelen under kan ein lesa om korleis denne eigedomsretten og kunne nyttast som ein politisk ressurs:

Myrmennene på Landa.
Etter at Eidsvollforsamlinga i 1814 hadde gitt Noreg ei eiga grunnlov, var det mykje formelle lover/rammer og rutinar som skulle fastsetjast. Og heile tida fram mot stortingsvalet i 1894 var stemmeretten som hovudregel berre for dei med jordeigedom, embetsmenn og byborgarar. Les meir

Kolamilene på Landa, og bruken av området sett i historisk samanheng.

Frå Myklebust mot Landa med Grålio og Tverrlio

Frå Myklebust mot Landa med Grålio og Tverrlio


Artikkelforfattar og alle foto: Egil Hovda.

I perioden 1940/1945 var det etter måten stor aktivitet i Landa-området. Det var tre ulike produkt det var tale om, brenneved (”byskier”), knott og trekol. I denne samanheng vert fokus retta mot trekolproduksjonen, men den blir sett inn i ei historisk samanhang.
Skal vi makta å få desse opplysningane frå fyrstehandsvitne er dette i ”grevens tid”. Det hastar og å få historiar frå andre som har fått dei frå foreldre og besteforeldre. Det er lett for at den nære historia vert sletta fysisk og i hovudet til den enkelte.
Er det nokon som har bilete elle anna dokumentasjon frå trekolproduksjonen så ver gilde og ta kontakt. Les meir

Hordaland sogelag hadde årsmøte i Norheimsund helga 5. – 6. mars. Det møtte tre utsendingar frå Kvinnherad sogelag, Audun Eik, Dagfinn Eide og Rita Martens Meyer. Kari Fedt Haugsbakk frå Kvinnherad møtte som styrerepresentant i Hordaland sogelag.
I samband med årsmøta i Hordaland sogelag vert det arrangert lokalhistoriske dagar, der det lokale vertskapet står for programmet. I år var det Kvam soge- og kulturminnelag som stod for arrangementet. Vi har saksa litt av omtalen frå eit referatet frå Tysnesbladet : Les meir