Bokkveld i Mauranger.
Torsdag 5. desember kl 18.00 , blir det bokkveld i Samfunnshuset i Sundal.

Då vil Tor Bringedal fortelja om boka si; »Kvinnherad 1837 – 1945. Lokalt sjølvstyre og Formannskapslovene».

Kvinnhersminne 2013 , vert presentert av Anny Øvrehus. Den har tre hovedtema ; Husmorlaga i Kvinnherad, forteljingar frå Skorpo , og to forteljingar frå Rosendal av Kaare Skaala.

Det vert servert kaffi og noko å bita i.Publikum får høve til å kjøpa bøker.
Arrangør er Ænes og Mauranger bygdalag.