Bokveld 27. novemberBokkveld i Uskedalen.
Onsdag 27. november kl 19.00 , blir det bokkveld i gamleskulen i Uskedalen.

Då vil Tor Bringedal fortelja om boka si; »Kvinnherad 1837 – 1945. Lokalt sjølvstyre og Formannskapslovene».

Kvinnhersminne 2013 , skal òg presenterast. Den har tre hovedtema ; Husmorlaga i Kvinnherad, forteljingar frå Skorpo , og to forteljingar frå Rosendal av Kaare Skaala.

Publikum får høve til å kjøpa bøker og der blir enkel servering, melder Kristian Bringedal på vegner av tilskiparane, Kvinnherad mållag og Kvinnherad sogelag.
Boka til Tor Bringedal og Kvinnhersminne 2013 er no til sals i bokhandlane i Rosendal og på Husnes.