Entries by Åslaug

Vellukka landsmøte i Rosendal

Helga 1.–2. juni vart det 39. landsmøtet i Landslaget for lokalhistorie halde i vakre Rosendal. Det vart eit vellukka arrangement med eit 50-tals delegatar frå heile landet. Denne artikkel stod i Kvinnheringen 3. juni.

Gåve frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad

Torsdag 23.mai delte Sparebank1-stiftinga ut pengegåver til lag og organisasjonar i Kvinherad. Kvinnherad sogelag fekk kr 15.000 til Kvinnhersminne årbok XVI for 2013. Leiaren Halvor Medhus orienterte om arbeidet til sogelaget og årboka som kjem til hausten. Han takka for den kjærkomne pengegåva. Til stades frå sogelaget var og Cort Holtermann og Kari Fedt Haugsbakk. […]

Årsmelding 2012

Årsmelding for 2012 ved årsmøtet 27. april 2013 Årsmøtet 2012 vart halde på Bjørnebøle, laurdag 21. april, og avvikla i samsvar med vedtektene.

Årsmøte 2013

Årsmøte i Kvinnherad Sogelag vart halde i Olaløo i Mauranger 27.04.2013. Halvor Medhus ynskte velkommen, og leia årsmøtet. 36 medlemar hadde funne vegen til Olaløo denne fine vårdagen.

Kapellet på Mel

På Kvinnherad sogelag sitt årsmøte i Åkra i 2006 vart det vedteke å setja ned ei undergruppe på fem personar som skulle arbeida for meir informasjon om Melskapellet i Rosendal. Kommunen vart invitert og verksemdsleiar for kultur og fritid, Kristian Bringedal, vart med i arbeidsgruppa.

Årsmøte 2012

Kvinnherad sogelag har veldig kjekke og interessante årsmøte. I april 2012 var vi på fjellgarden Bjørnebøle. Vi vart svært godt mottekne av vertskapet Anna Ingeborg og Håkon Bjørnebøle. Dei har gjort eit stort arbeid med å restaurera bygningane, samla gamle gjenstandar, og laga eit «levande» tun. Håkon fortalde om soga til fjellgarden, som og var […]

Kvinnhersminne – Årbok XVI

Kvinnhersminne Årbok XVI – 2013, Husmorlaga i Kvinnherad. Boka har tre tema: Husmorlaga i Kvinnherad, Skorpo , og 2 forteljingar frå Rosendal.

Kvinnhersminne – Årbok XV

Tjue bedehus og ein baptistmenighet

Forord: ..” Det er interessant å samanlikna denne Årbok XV om bedehusa med den forrige Årbok XIV om ungdomshusa. Dei var meir og mindre vennlegsinna motpolar i bygdene. Her var likevel svært mykje likt. Begge samlingsstadane voks fram av organisasjonar som spirte opp på 1800-talet. Begge hadde preg av protestrørsle og begge bygde husa sine med stor offervilje og dugnadsinnsats…”

Kvinnhersminne – Årbok XIV

Det frilyndte ungdomsarbeidet og mangt anna

Forord :…Hovudtema er ungdomshusa i Kvinnherad…Sjølvsagt må vi og nemna laga som bygde husa. Dei tilhøyrde den frilynde ungdomsrørsla med band til Noregs Ungdomslag. Stundom levde dei i fredleg sameksistens med bedehuskulturen, andre tider i motsetnad”..

Kvinnhersminne – Årbok XIII

Arbeid- og kvardagsliv i bygdene våre
Boka er diverre utseld. Kvinnherad bibliotek har ho for utlån.

Forord :..”mykje av det som skjedde berre for 50 år sidan er som henta frå ei heilt anna verd for dei som veks opp i dag. Difor er det viktig å få fram at det velferdssamfunnet vi har i dag, er tufta på tidlegare generasjonars arbeid og slit…