Entries by Åslaug

Aktivitetar med utgangspunkt i Omvikdalen ungdomslag

Aktivitetar med utgangspunkt i ungdomslaget (1888 – 1984) 1889 Omvikdalen Songarlag 1890 Vegparsellen Sandvik-Landa og Ripel-Fedt 1992 Nytt forsamlingshus saman med Indremisjonen på Bjørkevollen 1902 Utgraving av kjellaren til skulen på Fitjaheio 1933 Folkebadet 1938 Nytt ungdomslagshus på Fitjaheio 1946 Omvikdalen Idrettslag, som lag under ungdomslaget. 1957 Rubbestadnes Yrkesskule avd. Kvinnherad. 1976 Omvikdalen Idrettslag,starta på […]

Referat frå årsmøtet på Utåker 23.04.2016

Tor Bringedal vart takka med blomar av leiaren Anny Nygaard Mehl. Kvinnherad sogelag hadde årsmøte i Holmedal bedehus på Utåker laurdag 23. april. Medlemar frå heile kommunen, godt og vel 50 i talet, hadde funne vegen til Holmedal bedehus. Der var det fint pynta med påskeliljer og nyutsprungen bjørk, i eit lyst og triveleg lokale. […]

Årsmelding Kvinnherad sogelag 2015

Årsmelding Kvinnherad sogelag 2015 Årsmøte nr 30 i sogelaget vart halde i SKL sitt kurssenter i Matre 25. april 2015. Mykje folk hadde funne vegen til Matre denne regntunge laurdagen i april. Årsmelding var sendt ut på førehand, og årsmøtet gjekk greit unna utan merknader.

Årsmelding 2015 Krigshistorisk gruppe

Krigshistorisk gruppe årsmelding 2015. Gruppa vart skipa i 2012, og er ei laust samansett samling av enkeltpersonar som har interesse for hendingane knytte til andre verdskrigen, med særskilt fokus på Kvinnherad. Gruppa har ikkje nokon fast struktur. Målet er å samla kunnskap om krigen i Kvinnherad og gjera kunnskapen tilgjengeleg for fleire. 8. mai hadde […]

Krigshistorisk samling

Krigshistorisk gruppe er ei undergruppe av Kvinnherad sogelag. Trond Ramsøy og Lars Børge Sæberg er svært sentrale i gruppa, og saman med Kristian Bringedal hadde dei lagt til rette programmet : «I løytnant Sven Bugge sine fotspor frå april til 10. mai 1940.» . På uskedalen.no, kan ein m.a. lesa : Sven Bugge var utdanna […]

Årsmøte 23.april på Utåker

Kvinnherad sogelag skal ha årsmøtet sitt i Holmedal bedehus på Utåker laurdag 23. april kl 13.00. Årsmøtepapira er sendt ut til alle medlemane. Etter årsmøtesakene, som vi reknar med går greitt unna, vert det servert lunsj. På årsmøtet i år har vi fått med oss Tor Bringedal. «Galleriglyttar og andre kjelder til lokalhistorie» er tittelen […]

Myrmennene på Landa

Egil Hovda har skrive ein artikkel om kolamilene på Landa, og skogen som økonomisk ressurs. I artikkelen under kan ein lesa om korleis denne eigedomsretten og kunne nyttast som ein politisk ressurs: Myrmennene på Landa. Etter at Eidsvollforsamlinga i 1814 hadde gitt Noreg ei eiga grunnlov, var det mykje formelle lover/rammer og rutinar som skulle […]

Årsmøte i Hordaland sogelag

Hordaland sogelag hadde årsmøte i Norheimsund helga 5. – 6. mars. Det møtte tre utsendingar frå Kvinnherad sogelag, Audun Eik, Dagfinn Eide og Rita Martens Meyer. Kari Fedt Haugsbakk frå Kvinnherad møtte som styrerepresentant i Hordaland sogelag. I samband med årsmøta i Hordaland sogelag vert det arrangert lokalhistoriske dagar, der det lokale vertskapet står for […]

Årsmøte i sogelaget

Årsmøtet i Kvinnherad sogelag vert laurdag 23. april kl 13.00 i bedehuset på Utåker. Årsmøteprogram vert lagt ut seinare, men set av dagen alt no !