Entries by Åslaug

Sogelaget har årsmøte i Rosendal

Kvinnherad sogelag skal halda årsmøtet sitt på Spisskammerset i Rosendal( Skålagato 3),laurdag 22. april. Etter årsmøtesakene, som vi reknar med går greit unna, vert det servert lunsj. På årsmøtet i år har vi eit rikhaldig program. Aslaug Eik vil lesa prologen ho skreiv i samband med at Landslaget for lokalhistorie hadde årsmøte i Rosendal i […]

Årsmøte i Kvinnherad sogelag i Rosendal 22. april

Årsmøtet i sogelaget vert 22. april i Rosendal. Det vert orientering om Gurine og omvisning i Gurinefjæro. Historikar Anders Haugland vil fortelja om Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland. Meir utfyllande informasjon kjem seinare, men set av denne laurdagen alt no !

Hordaland sogelag til Normandie

Hordaland sogelag reiser med Tide til Normandie 7. – 14. august 2017 Turprisen inkluderer: • Fly Bergen – Paris – Bergen med Norwegian • 7 overnattinger på hotell i dobbeltrom • 7 frokoster og 4 middag • Utflukter og innganger i Normandie som beskrevet i programmet • Turbuss på turen i Normandie • Reiseleder

Ingemar Traavik

Ordførar i Kvinnherad i ein mannsalder I 1914 vart Ingemar Traavik vald inn i Kvinnherad heradsstyre, og i 1917 vart han vald til ordførar. Han var «eit arbeidsjarn, med evne til å få sakene unna», skriv Erling Vaage i Kvinnherad 1 (1987). Ordførarvervet hadde han heilt til sin død i 1949, med unnatak av nokre […]

Besten på fisketur

Besten va so tela på sjødn ein dag, han va so hikjen på fisk. Da såg ut til å bli nedberdsla, so han tok våsakle med seg.

Slåmaskina

SLÅMASKINA Ein liten tanke i frå den gongen, eg haurde duren av slåmaskinsongen. Besten slo vendeteigen med ljå, og i stallen vart øykjen sela på. Orepinn i, bukjore strama, faks og man strigla, Viktoria heitte dama. Slåmaskinskniven slipa og kvekt, ein arv  frå slekt te slekt.

Husmannsseminar og Historielagskonferanse

I regi av Landslaget for lokalhistorie vert det arrangert seminar om Husmannsvesenet fredag 4. november 2016. Seminaret vil ta for seg fleire sider ved husmannsvesenet og vert arrangert i forkant av Landslaget sin historielagskonferanse 4.- 6. november. Sjå sida til Landslaget for lokalhistorie Deltakaravgift er kr 550. Påmeldingsfrist for husmannsseminaret er 25. oktober til sekretariat@landslaget.org, […]