Oppføringer av Åslaug

Kvinnhersminne XIX

Kvinnhersminne XIX vart levert ut til medlemmane i Kvinnherad sogelag før jul 2019. Boka er til sals i bokhandelen i Rosendal og på Husnes, eller du kan kontakta sogelaget.

Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland

Kåseri av Anders Haugland på årsmøtet i Kvinnherad sogelag 22. april 2017 Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland (etter reformasjonen og fram til 1800-talet) Me går 370 år tilbake i tid. Til ein mørk ettermiddag på onsdagen den 13. oktober 1647. Sørover gjennom Høylandssundet sigla det ein vengebåt (husbåt). Om bord sat 15 menneske: ikkje mindre […]

Referat frå årsmøtet

Kvinnherad sogelag hadde årsmøte på Spiskammerset i Rosendal laurdag 22. april. Medlemar frå heile kommunen, nærare 70 i talet, hadde funne vegen til Rosendal denne dagen. Leiaren i sogelaget, Anny Nygaard Mehl, loste oss gjennom årsmøtesakene, som gjekk raskt unna. Årsmelding og rekneskap vart godkjende uten merknader. Medlemspengane vert uendra. Anny Nygaard Mehl held fram […]

Historiske reise i Sunnhordland med veteranbåten D/S Stord I

Kvinnherad sogelag har fått invitasjon til å vera med på tur med D/S Stord I : Stiftelsen D/S Stord I eig «Stord I» og formålet til stiftelsen er istandsetjing, vedlikehald og drift av skipet. Bergen er heimehamnen. Seglingsområde er Vestlandet. D/S Stord vart bygd på Laksevåg i 1913 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap – HSD. Båten […]

Sogelaget har årsmøte i Rosendal

Kvinnherad sogelag skal ha årsmøtet sitt på Spisskammerset i Rosendal( Skålagato 3),laurdag 22. april. Etter årsmøtesakene, som vi reknar med går greit unna, vert det servert lunsj. På årsmøtet i år har vi eit rikhaldig program. Aslaug Eik vil lesa prologen ho skreiv i samband med at Landslaget for lokalhistorie hadde årsmøte i Rosendal i […]

Spennande føredrag på biblioteket

Per Helge Martinsen frå Bergen som nett har gjeve ut boka Hemmelig krig 1939 – 1945 vitja Kvinnherad 18. mars. På ei tilstelling skipa til i samarbeid mellom biblioteket på Husnes og krigsgruppa i Kvinnherad sogelag fortalde han om korleis etterretningstenestene frå minst fire land opererte i byen og sende rapportar heim om skipstrafikken til […]

Kulturminnesøk

Hordaland sogelag er no på Facebook. I eit innlegg der i dag er det lagt ut informasjon om og henvisning til ei nettside som heiter Kulturminnesøk. Der finn du oversikt over alle kulturminne som er registrerte der du bur. Skriv inn namn på kommunen og start søk !

Hemmelig krig

Trond Ramsøy i Krigshistorisk gruppe, ei undergruppe av Kvinnherad sogelag, har bedt oss leggja ut omtale av denne tilstellinga på Kvinnherad bibliotak 18. mars kl 13:00. Per Helge Martinsen er i desse dagar aktuell med ei ny bok; Hemmelig krig i 1939 – 1945 – Bergen og kampen om Antlanterhavet, ei bok som kastar nytt […]

Årsmøte i Kvinnherad sogelag i Rosendal 22. april

Årsmøtet i sogelaget vert 22. april i Rosendal. Det vert orientering om Gurine og omvisning i Gurinefjæro. Historikar Anders Haugland vil fortelja om Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland. Meir utfyllande informasjon kjem seinare, men set av denne laurdagen alt no !