Author Archive for: aslaug

Kvinnhersminne XVIII

28. desember 2018
28 des 2018

Dei siste utgåvene av Kvinnhersminne har hatt eit tydeleg hovudtema. Dette var også målsetjinga til dei som starta arbeidet med boka de no har i hende. Av ulike grunnar vil lesaren sjå at vi har gjort det litt annleis i år.
Først kjem fem artiklar om kvinnheringar som har delteke i internasjonale operasjonar. Så litt om arbeid og samfunn. Deretter ein bolk om Islandsfiske, før vi tek for oss tradisjonar og skikkar, både til kvardags og fest. Til slutt har vi fått plass til nokre historiar med ulike emne.
Skriftstyret vil takka alle som har bidrege med både tekstar og bilde til denne utgåva. Utan viljuge og kompetente kvinnheringar, ville det ikkje vera mogleg å få detta til.
Skriftstyret.

Bli med til Hebridene 2. – 10. august 2015

20. april 2015
20 apr 2015

Hebridene Callanish_standing_stones_1Hordaland Sogelag arrangerer spanande studietur til Hebridene.
Hebridane vest om Skottland er eit gamalt ”Viking område” som ikkje vert vitja så ofte frå Noreg. Hebridane tilhøyrer Storbritannia og omfattar ca. 500 øyer (ca. 100 bebudde). Arealet er 7283 km² og innbyggjartalet er rundt 30 000. Read more

Studietur til Gotland med Hordaland Sogelag

2. september 2013
02 sep 2013

Det var ein fin gjeng frå heile Hordaland som var med på tur til Gotland sommaren 2013.

Det var ein fin gjeng frå heile Hordaland som var med på tur til Gotland sommaren 2013.

Vellukka studietur til Gotland. Studieturen i summar gjekk denne gongen via Danmark til Sverige og Gotland. Sjå meir på heimesida til Hordaland Sogelag

Vellukka landsmøte i Rosendal

1. juni 2013
01 jun 2013

Kvinnheringen 3. juni 2013

Kvinnheringen 3. juni 2013

Helga 1.–2. juni vart det 39. landsmøtet i Landslaget for lokalhistorie halde i vakre Rosendal. Det vart eit vellukka arrangement med eit 50-tals delegatar frå heile landet. Denne artikkel stod i Kvinnheringen 3. juni.

Gåve frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad

23. mai 2013
23 mai 2013

Frå venstre, Cort Holtermann, Kari Fedt Haugsbakk og leiar i sogelaget Halvor Medhus.

Frå venstre, Cort Holtermann, Kari Fedt Haugsbakk og leiar i sogelaget Halvor Medhus.

Torsdag 23.mai delte Sparebank1-stiftinga ut pengegåver til lag og organisasjonar i Kvinherad. Kvinnherad sogelag fekk kr 15.000 til Kvinnhersminne årbok XVI for 2013. Leiaren Halvor Medhus orienterte om arbeidet til sogelaget og årboka som kjem til hausten. Han takka for den kjærkomne pengegåva. Til stades frå sogelaget var og Cort Holtermann og Kari Fedt Haugsbakk.
 

Årsmelding 2012

6. april 2013
06 apr 2013
Årsmelding for 2012 ved årsmøtet 27. april 2013

Årsmøtet 2012 vart halde på Bjørnebøle, laurdag 21. april,
og avvikla i samsvar med vedtektene.

Read more

Årsmøte 2013

5. april 2013
05 apr 2013

Årsmøte i Kvinnherad Sogelag vart halde i Olaløo i Mauranger 27.04.2013.

Halvor Medhus ynskte velkommen, og leia årsmøtet. 36 medlemar hadde funne vegen til Olaløo denne fine vårdagen.

Read more

Kapellet på Mel

18. september 2012
18 sep 2012

Grenda tysdag 18. september 2012

Grenda tysdag 18. september 2012

På Kvinnherad sogelag sitt årsmøte i Åkra i 2006 vart det vedteke å setja ned ei undergruppe på fem personar som skulle arbeida for meir informasjon om Melskapellet i Rosendal.
Kommunen vart invitert og verksemdsleiar for kultur og fritid, Kristian Bringedal, vart med i arbeidsgruppa.

Read more

Årsmøte 2012

2. april 2012
02 apr 2012

Kvinnherad sogelag har veldig kjekke og interessante årsmøte. I april 2012 var vi på fjellgarden Bjørnebøle. Vi vart svært godt mottekne av vertskapet Anna Ingeborg og Håkon Bjørnebøle. Dei har gjort eit stort arbeid med å restaurera bygningane, samla gamle gjenstandar, og laga eit «levande» tun. Håkon fortalde om soga til fjellgarden, som og var soga om forfedrane hans. Og Anna Ingeborg sine mjelkekaker var festmat!

Bileta er tekne av Brita Fedt Sunde. Sjå fleire bilete ved å klikka på pil eller sjølve biletet.

Kvinnhersminne – Årbok XVI

26. mars 2012
26 mar 2012

På årsmøte i Norges Husmorlag i Ullensvang i 1981. Aslaug Eik og Inger Lund frå Omvikdalen Husmorlag deltok med dramatisering av "Kvinner i Noregssoga".

På årsmøte i Norges Husmorlag i Ullensvang i 1981. Aslaug Eik og Inger Lund frå Omvikdalen Husmorlag deltok med dramatisering av «Kvinner i Noregssoga».

Kvinnhersminne Årbok XVI – 2013, Husmorlaga i Kvinnherad.

Boka har tre tema:
Husmorlaga i Kvinnherad, Skorpo , og 2 forteljingar frå Rosendal.
Read more