Årsmøte 23.april på Utåker

Kvinnherad sogelag skal ha årsmøtet sitt i Holmedal bedehus på Utåker laurdag 23. april kl 13.00.
Årsmøtepapira er sendt ut til alle medlemane.
Etter årsmøtesakene, som vi reknar med går greitt unna, vert det servert lunsj.

Tor Bringedal

Tor Bringedal

På årsmøtet i år har vi fått med oss Tor Bringedal. «Galleriglyttar og andre kjelder til lokalhistorie» er tittelen på føredraget hans.

Korleis kan ein finn fram i soga og bli kjend med det som har skjedd før ? Dette vil Tor setja fokus på i føredraget sitt. Tor Bringedal er lærar av utdanning, har m.a. hovudfag i historie, og har nyleg gjeve ut to bøker om Kvinnherad frå 1837 til 1965, med fokus på politisk og administrativ utvikling og viktige hendingar i denne tida.

Neste post på programmet er eit besøk i skulemuseet i Utåker Bygdahus.

Turen går vidare derfrå til Holmedal kyrkje, der prest Halvor Medhus har lova oss omvisning.
Middeladerkyrkja i Holmedal var ei stavkyrkje som stod fram til 1814. Ho vart då (1815) avløyst av ei svært enkel tømmerkyrkje. Denne blei erstatta av noverande kyrkje i 1882. Skipet er bygd av materialar frå den gamle kyrkja. Kyrkjestaden vart flytta frå Holmedal til Utåker. Kyrkja vart istandsett i 1982 under leiing av arkitekt Magne Ivarsøy.

Vi ser fram til eit interessant årsmøte med mange medlemer. Møtet er ope for alle, så ta gjerne med vener og kjende.