Gode sogelagsfolk

Velkomne til årsmøte i Kvinnherad sogelag
på SKL sitt kurssenter i Matre,
laurdag 25. april kl 13.00.

Sakliste:
1 Godkjenning av innkalling
2 Årsmelding
3 Rekneskap
4 Val
5 Fastsetjing av årspengar for neste år
6 Andre saker
Andre saker må liggja føre hos styret seinast 14 dagar før årsmøtet.

Etter årsmøtesakene er unnagjort, vert det servert lunsj. Den kostar kr 150,-.

På årsmøtet vil sogelaget i år setja fokus på kraftutbygginga i Matre- og Blådalsfjella.
Ein representant frå SKL vil fortelja og visa bilete som syner hendingar og historie som er knytt til arbeidet med utbygginga av Blåfalli.
Deretter vert det omvisning i den nyaste kraftstasjonen, Blåfalli Vik. Den var ny i 2007, og ligg 350 meter inne i fjellet.
Me ser fram til eit spennande årsmøte i Matre.