Årsmøte Kvinnherad sogelag laurdag 21. april på Dill, Sæbøvik

Frå styre møtte: Anny Nygaard Mehl, Dagfinn Eide, Rita Martens Meyer, Cort Holtermann, 

Eva Vikane Eide, Lars Jostein Røyrvik og Audun Eik.

Det var 45 frammøtte.

Til å skriva under protokollen vart valt Malena Aasen og Rita Martens Meyer.

Leiar Anny Nygård Mehl vart vald til ordstyrar og Audun Eik til skrivar.

Anny opna møtet og ynskte alle velkomne og særs velkomen til føredragshaldarane Mikal Heldal og Johannes Eide.

Det var ingen merknad til innkallinga.

Årsmelding og revidert rekneskap var sendt ut til medlemane på førehand.

Årsmelding frå Krigshistorisk gruppe vart lese av Lars Jostein Røyrvik.

Årsmelding og rekneskap godkjent utan merknad.

Valet vart leia av Anny Nygård Mehl

Etter valet har styret denne samansetjinga.

Leiar, eitt år.  Anny Nygård Mehl

Styremedlemar, valde for 2 år:

Eva Vikane Eide

Rita Martens Meyer

Borgny Særstein (ny)

Varafolk valde for eit år:

Margun Malmanger  (ny)

Trond Ramsøy

Jon Olav Sunde

Revisor. eitt år:  Kjell Ottar Bauge 

Valnemnd: Dagfinn Eide, vald for 2 år

                   Liv Sæbø Eik, ikkje på val

I styre ellers er desse med:

Audun Eik                  ikkje på val

Cort Holtermann        «         «

Lars Jostein Røyrvik   «        «

Mikal Heldal  fortalte om Skottehandelen i Sunnhordland . Handelen på-gjekk i fleire hundre år, frå ca. 1450-1750, men held og fram etter det til heilt utpå 1800 talet. Frå vest kom det ei rekkje varer, som korn og tøy-varer til tobakk og brennevin, og tilbake fekk dei tømmer, trelast og produkt laga av trevirke blant anna robåtar.

Johannes Eide fortalte om båtbygginga på Halsnøy og Fjellberg på den tida. Det var svært mange som hadde det som ei fin attåtnæring. Det vart og laga robåtar som byggesett som var lettare å frakta med seg.

Etter årsmøte var det tur til Høylandsbygd der Johannes Eide tek oss med til Radiohola og fortalte om aktiviteten der under krigen. Vi fekk og vera med Johannes Eide heim for å sjå på Steinsamlinga hans. Fantastisk innhaldsrik samling. Eva Vikane Eide gav oss eit godt referat  frå årsmøte i Hordaland sogelag på Voss 2018.

referent:  Audun Eik