Årsmøtereferat 2015

Jan Petter Myhre syner plantegning for Blåfoss by.

Jan Petter Myhre syner plantegning for ein Blåfoss by.

Kvinnherad sogelag hadde årsmøte i Matre laurdag 25.april. Mykje folk hadde funne vegen til Matre, ausande regnvær såg ikkje ut til å skremma nokon. Møtet vart halde i SKL sitt flotte kurssenter i Matre, og der vi vart svært god mottekne av informasjonssjef i SKL, Jan Petter Myhre.
Årsmøtesakene gjekk som vanleg greit unna uten merknader. Laget er i fin vekst, og har no 220 medlemer.
Anny Nygaard Mehl held fram som leiar, og det var attval på styret og varafolk.
I matsalen fekk dei 62 frammøtte servert nydeleg betasuppa, og drøsen gjekk lett.
Etter matøkta synte Jan Petter Myhre ein billedkavalkade frå utbygginga av Blåfalli. Han starta med visjonen om ein Blåfoss by, tok oss med på ei tidsreis gjennom omlag 70 år ,fram til nyasta kraftstasjonen, Blåfalli Vik.
Mange flotte bilete, der ein kunne sjå utviklinga frå arbeid med handamakt, spade og spett, og fram til dagens moderne hjelpemiddel. Mykje hardt arbeid og slet, vegarbeid, dinglebruer, store snømengder og uvær i fjellet.
Men bileta frå brakkelivet synte og humor, karar med glimt i auga, godt kameratskap og blide kokker.
SKL har betydd mykje for kraftutbygginga i Sunnhordland, for Kvinnherad kommune, og ikkje minst for Matresamfunnet.
Supplerande kommentarar frå lokalkunnskap i salen var med gjorde dette til eit svært interessant foredrag.
Etter foredraget fekk vi omvisning i kraftstasjonen Blåfalli Vik.
Stor takk til SKL og alle dei frammøtte, som gjorde dette til eit triveleg og minneverdig årsmøte.