Årsmøteprotokoll 2015

Årsmøtet vart halde i SKL sitt kurssenter i Matre, laurdag 25.april 2015.

Deltakarar :
Frå styret møtte : Anny Nygaard Mehl, Dagfinn Eide, Rita Martens Meyer, Audun Eik,
Kari Fedt Haugsbakk.

Det var 62 frammøtte, av dei 45 medlemar.
Til å skriva under årsmøteprotokollen vart valde Anfinn Otterå og Ragnar Nøttveit.

Årsmøtet vart opna av leiaren i Kvinnherad sogelag, Anny Nygaard Mehl, ho les diktet Blåfalli, av Samuel Aarholm. Og i god sogelagstradisjon song årsmøtelyden deretter No livnar det i lundar, før ein tok fatt på dei formelle årsmøtesakene.

Innkallinga vart godkjent uten merknader.
Årsmeldinga var sendt ut på førehand. Leiaren gjekk gjennom årsmeldinga, den vart godkjend uten merknader.
Lars Børge Sæberg les årsmeldinga frå krigshistorisk gruppe.
Revisor Kjell Ottar Bauge les rekneskapen, som og vart og godkjent uten merknader.

Medlemspengar 2016. Medlemspengane er no kr 200 for einskildmedlemar og kr 300 for par. Styret ynskjer å halda dette uendra.
Men styret ber likevel årsmøtet om fullmakt til å auka medlemspengane til kr 300 og kr 400 for par, dersom kostnadane med neste årbok tilseier at det vert naudsynt. Auken gjeld i så fall for medlemspengar frå 2016. Forslaget vart vedteke uten merknader.

Valet gjekk fort unna, alle val var samrøystes og avgjort ved akklamasjon.
Etter valet har styret denne samansetjinga:
Leiar, eitt år : Anny Nygaard Mehl ( attval)
Styremedlemar, valde for 2 år :
Cort Holtermann ( attval)
Kari Fedt Haugsbakk ( attval)
Audun Eik (attval)
(Fylgjande styremedlemar var ikkje på val : Dagfinn Eide, Rita Martens Meyer, Eva Vikane Eide)

Varafolk, valde for eitt år :
Lars Børge Sæberg ( attval)
Kristen Thore Christensen (attval)
Trond Ramsøy (attval)

Revisor, eitt år :Kjell Ottar Bauge (attval)

Valnemnd, ny :
Margaret Haugland
Borgny Hovda

Andre saker.
-Leiaren orienterte om invitasjon frå Tysnes sogelag til Onarheimsgildet , 31. juli – 2. august.

-Kvinnhersdrakta. Kari orienterte om eit innspel frå Kristin Skromme. Ho ber sogelaget engasjera seg i eit arbeid med å registrera, og seinare publisera innsamla materiale om Kvinnhersdrakta. Sogelaget vil setja ned ei nemnd med kunnige folk som arbeider vidare med dette.

Dimmelsvik 26.04.15
Kari Fedt Haugsbakk
referent
(sign)

Anfinn Otterå
(sign)

Ragnar Nøttveit
(sign)