Årsmøtet på Varaldsøy

Årsmøte 2014Kvinnherad Sogelag hadde årsmøte i Varaldsøy Grendahus 26.04.2014.
Halvor Medhus ynskte velkommen , og leia årsmøtet. Grendahuskjellaren var mest fullsett , nærare 60 medlemer møtte.
Det smakte godt med kaffi og nydelege smørbrød etter ferjeturen. Stor takk til kjøkkengjengen!
Etter ei triveleg maktøkt, der drøsen gjekk lett, gjekk ein over til årsmøtesakene.

Årsmelding for 2013, og årsmelding frå Krigshistorisk gruppe, vart lesne og godkjende uten merknader.
Rekneskap for 2013 vart lesen og godkjend. Det vart gjort merknad om at kostnaden med utgjeving av siste årbok ikkje var komen med på rekneskapsåret 2013. Når ein tek omsyn til det, er driftskapitalen no omlag kr 20.000,-.
Ved valet vart framlegget frå styret samrøystes godkjendt:
Ny leiar: Anny Nygård Mehl. Dagfinn Eide og Eva Marie Eide vart attvalde for 2 nye år. Nye i styret er Rita Martens Meyer (2 år) og Audun Eik ( 1 år). Kari Fedt Haugsbakk og Cort Holtermann var ikkje på val.
Varafolk, eitt år: Lars Børge Sæberg ( attval), Kristen Thore Christensen ( attval),Trond Ramsøy ( ny).
Revisor, eitt år : Kjell Ottar Bauge ( attval).
Årspengane er no kr 200,- for medlemer og kr 300,- for ektefolk.
Styret ba årsmøtet om fullmakt til å auka medlemspengane til kr 300,- for medlemer og kr 400,- for ektefolk, dersom kostnadene med neste årbok tilseier at det vert naudsynt. Auken gjeld i så fall for medlemspengar frå 2015. Styret vil arbeida for å auka medlemstalet og få sponsorstønad til neste årbok. Om ein lukkast godt med det, kan ein halda medlempengane uendra. Framlegget vart godkjent av årsmøtet.

To trufaste sogelagsfolk fekk blomar og velfortent takk etter mange år i styret.
Anny Øvrehus frå Mauranger har vore med i styret i sogelaget i heile 22 år, og takka no for seg.
Halvor Medhus har vore leiar i 12 år. Han har i desse åra vore leiar i skriftstyret , og lagt ned ein stor innsats i arbeidet med utgjeving av årbøkene. Både i skrift og tale har har han synt at han har ordet i si makt , den lune væremåten og gode replikken hans kjem til å verta sakna !

Erik Mjelde bidrog både med felespel og fortalde om soga til det gamle gruvesamfunnet på Volaheiane. Varaldsøy Mining Company vart skipa i London i 1836. Det vart bygd 3,6 km veg frå Øyarhamnsvågen i det bratte lende opp til Volaheiane. På det meste var det 300 mann i arbeid på vegen. Det kunne gå hardt for seg på brakkene i helgane, med brennevin , kortspel og slossing.
Direktør Alexander Barrat kom til Varaldsøy i 1866. Han hadde bakgrunn frå gruvedrift i USA og gullgraving i Australia. I 1869 var eksporten i full gang. Kisen hadde svært bra kvalitet, med svovelinnhelad på 42%.
London ba om 1200 tonn svovelkis pr. månad , og dei kunne gjerne teke mot enno meir.
I den tida gruvene var i drift, vart det skipa 162 000 tonn kis frå Varaldsøy til London.
Det vart bygd eksportkai i Øyerhamn, og eit eige samfunn utvikla seg på Volaheiane. Dei sette opp direktørbustad, stigerbustad, kombinert bedehus og skulehus, arbeidarbustader, og ei eiga svenskebrakke.
Barratfamilien naut stor vyrdnad hjå arbeidsfolket i gruvesamfunnet. Det er sagt at direktør Barrat førde ein fast og kristeleg disiplin, kona Mary tok hand om dei som vart sjuke eller skada. Dei var medlemer i metodistkyrkja. Sonen Thomas Barrat var og svært religiøs, men han braut med metodistane og bygde opp pinsemenigheten i Norge. Barratfamilien var svært musikalske. Dei hadde vitjing av Ole Bull på Varaldsøy, og Edvard Grieg var musikklærar for Thomas Barrat.

Så gjekk turen til det gamle gruvesamfunnet på Volaheiane. Dei mosegrodde grunnmurane etter bustadane står framleis att der. Slagghaugane, den trange gruveinngangen, dei djupe gruvesjaktene, vitnar om slit og hardt arbeid for dei som henta levebrødet sitt her.
Ein innhaldsrik tur i nydeleg sommarvær, og med felespel på historiske tufter, vart ei flott avslutning på årsmøtet.