Årsmøte vert i år i Dalheim, Omvikdal laurdag, den 19. september 2020 kl.1300.

Møtet i år vert berre for medlemer og dei som evt. vil melda seg inn i sogelaget. Dette på grunn av smittevernreglar og avstandhalding. Gratis inngang, men påmelding på førehand til Lars Jostein Røyrvik (sjå annonser i lokalavisene)

Vanlege årsmøtesaker.

Matøkt (enkel servering.)

Underhaldning:

1. Kenneth Ingvaldsen fortel om Kvinnherad Energis historie,

2. Kåre Skaala fortel om kartarbeidet (retting av stadnamn) og tilføying av fleire namn på kart.

3. Lars Jostein Røyrvik fortel om bokprosjekta våre. Kvinnhersminne og boka om motstandsarbeidet 1940-45.

4. Vising av filmar der folk fortel frå gamal tid i Kvinnherad. (Med historie i skulesekken) Laga av Merethe Offerdal Tveit

For sogelaget Audun Eik