Årsmøte Kvinnherad Sogelag

Laurdag 19 september heldt Kvinnherad Sogelag årsmøte i Dalheim i Omvikdalen. Om lag 30 medlemer møtte til det utsette møtet. Det ordinære årsmøte i april måtte utsetjast på grunn av Covid 19 og smittefaren. Audun Eik leia møtet der han vart vald til leiar for eit nytt år. Med seg i styret har han Rita Martens Meyer, Frøydis Fjellhaugen, Borgny Særsten, Margunn Malmanger og Lars Jostein Rørvik. Varamedlemer er Trond Ramsøy, Astrid Haugse og Jon Olav Sunde.

Årsmelding, rekneskap og årsrapport frå Krigshistorisk gruppe vart refererte utan at det kom nokre kommentarar eller motsegner til desse. Audun Eik orienterte om arbeidet med å korrigera navnepraksis på offentlege kart. Lars Jostein Rørvik orienterte om arbeidet med boka om motstandsrørsla i Sunnhordland 1940 – 1945 som snart er ferdiggjort for trykking. Medlemskontingenten vert ståande på kr. 200 for enkeltmedlemar og kr. 300 for par.

Etter at valget var unnagjort, stod det matøkt på programmet, før Kaare Skaala fekk ordet. Han tok oss med på ei reise i fjellheimen rundt Rosendal, og fortalde om stadnavn som var plasserte feil og stader som hadde fått navn som var i strid med lokal navnetradisjon. Sogelaget har teke initiativ til å oppretta grupper ulike stader i kommunen som har gjort liknande arbeid. Han krydra innlegget sitt med små anekdotar og ein og anna påstand som måtte stå for hans eiga rekning.

Kenneth Ingvaldsen tok oss deretter med på ei reise gjennom Kvinnherad Energi si hundreårige historie. Ei reise der det har føregått ei rivande utvikling. berre eit par dagar etter hundreårsdagen for stiftinga, enda kraftlaget opp med ei samanslåing med BKK.

Referent: Lars Jostein Rørvik