Hordaland sogelag hadde årsmøte i Norheimsund helga 5. – 6. mars. Det møtte tre utsendingar frå Kvinnherad sogelag, Audun Eik, Dagfinn Eide og Rita Martens Meyer. Kari Fedt Haugsbakk frå Kvinnherad møtte som styrerepresentant i Hordaland sogelag.
I samband med årsmøta i Hordaland sogelag vert det arrangert lokalhistoriske dagar, der det lokale vertskapet står for programmet. I år var det Kvam soge- og kulturminnelag som stod for arrangementet. Vi har saksa litt av omtalen frå eit referatet frå Tysnesbladet :

I tillegg til lokalmat på Fykse og på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund, vart det servert rikeleg med kultur både innandørs og ute. Laurdag ettermiddag var det køyretur til grenda Fykse. Grenda ligg høgt oppe i den bratte lia like etter at du har passert Fyksesundbrua. Avkøyrsla til Fyksegardane må du leita litt etter når du ferdast på hovudvegen, i alle fall dersom du køyrer bil. Den tek brått av til høgre og svingar seg smalt og bratt oppetter. Du bør ta det sakte og roleg anten du køyrer bil eller er til fots, for det er stupbratt utanfor vegen. Når du er komen opp og står frampå kanten av platået, ser du rett ned på brua, samstundes har du ei fantastisk utsikt til dei snøkledde fjella mot aust. Gardstuna som ligg i ei klyngje, er omkransa av store steinar og små jordlappar. Gamle aplar var planta i uraholene. Kultur, kaffidrøs og hardingfelespel i grendahuset, var utgangspunkt for ymse kulturinnslag og kaffidrøs før kulturferda gjekk vidare i gåsegang på smale stiar. Å få oppleva hardingfelespel inne i «Døsehola» på Fykse, er nok eit minne for livet for dei fleste som var med. Den gigantiske hola under store kampesteinar kan romma over 100 personar, og det var difor god plass til dei om lag 40 tilhøyrarane. Felespelar Arne O. Fykse, som til dagleg driv gardsrestauranten «Gamlestova», fortalde soga om steinhola som har vore i brukt i uminnelege tider. Fyrst til seremonielle ritual, seinare til lagringsplass for frukt og grønsaker, og i desse dagar til konsertar og attraksjon.
Etter årsmøte på sundag føremiddag der tysnesingen Mikal Heldal vart attvalt som leiar, var det besøk på Hardanger Fartøyvernsenter, ein kulturinstitusjon som verkeleg har sett varige fotavtrykk. I byrjinga var det trebåtar som vart restaurerte, men nett no ligg også den gamle HSD ferja « Folgefonn» ved kaien klar for å bli renovert. At institusjonen har eigen trosse-verkstad, snart den einaste i landet, fekk me også med oss.