Kvinnherad sogelag skal ha årsmøte 2020 i Dimmelsvik laurdag 25. april kl 13.00.

Årsmøtepapira vert sendt ut til alle medlemane.
Etter årsmøtesakene, som vi reknar med går greitt unna, vert det servert lunsj til kr 150.

Vi møtest kl 13 på Vikjo ved det gamle Tinghuset.

Dimmelsvik ( Vikjo i daglegtale) var eit sentralt og levande bygdesenter frå siste halvdel av 1800-talet. Der var handelsstad og tingstad, gjestgjevarstad, damskipskai og telefonstasjon, tønnefabrikk og treskofabrikk…

Vikjo vart tingstad i 1855. Ein held då hus hos landhandlar Samson Meidell, i tingstova som låg litt oppe i bakken frå sjøen. Futen og sorenskrivaren hadde kontor her, og frå samme tid samlast og heradstyret her.

Tingstova vart etter kvart for liten, og i 1880 vedtok heradstyret å byggja Tinghuset, som vart første rådhuset i Kvinnherad. Tinghuset har hatt ein mangslungen bruk fram gjennom åra.
Vi ser fram til å høyra Lars Børge Sæberg fortelja meir om Tinghuset og Dimmelsvik i farne tider.

Vi ruslar så bort til Kvinnherad Energi (BKK), sjølve årsmøtet og lunsj vert i kantina der.
Etter lunsj får vi litt historie om Kvinnherad Energi , og sjå nokre av historie-filmane Merete Offerdal har laga.

Vi ser fram til eit innhaldsrikt årsmøte med mange medlemer. Møtet er ope for alle, så ta gjerne med vener og kjende.