Gode medlemer i sogelaget.
Velkomne til årsmøte i Varaldsøy grendahus laurdag 26. april kl 13.00.

( Ferje Årsnes – Varaldsøy kl 12.10 , ferje Gjermundshamn – Varaldsøy kl 11.25 )

Vi ser fram til eit gjevande årsmøte på den grøne øya saman med mange medlemer.
Eit flott høve til å vitja Varaldsøy !
Ta gjerne med vener og kjende. Dei kan bli med i laget vårt.
Det blir servert lunsj, til kr 150,-.

Sakliste :
Godkjenning av innkalling.
Årsmelding.
Rekneskap.
Val.
Fastsetjing av årspengar for neste år.
Andre saker.
Andre saker skal liggja føre hos styret minst 14 dagar før årsmøtet, elles kan årsmøtet avvisa saka.

Årsmøtepapir vert sendt ut til medlemane i næraste dagane.

Utanom årsmøtesakene, som vi reknar med går greit unna, vil Erik Mjelde fortelja om øya og gruvesamfunnet,som var her til godt ut på 1900-talet. Erik Mjelde er frå Varaldsøy, han er mykje nytta som lokal guide, og er svært kunnskapsrik når det gjeld soga til Varaldsøy.
Han er og oppteken av folkemusikk, er ein dyktig felespelar, og vi håpar han vil dra ein slått for oss.
Blir det tid og ver til det, tek vi ein tur til tuftene som står att og gruveinngangane.
For å koma dit køyrer ein omlag 10-15 minutt mot Øyerhamn. Så er det ein ca ein halvtime å gå på gamal anleggsveg. Hugs gode sko!

Vel møtt !