Årsmøte 2013

Årsmøte i Kvinnherad Sogelag vart halde i Olaløo i Mauranger 27.04.2013.

Halvor Medhus ynskte velkommen, og leia årsmøtet. 36 medlemar hadde funne vegen til Olaløo denne fine vårdagen.

Han gav så ordet til Kjersti Bondhus, som fortalde litt om turisme i Mauranger før og no.
Den mektige naturen , med fjell, fjord og fonn,har alltid trekt mykje turistar til Mauranger. Folket der har vore brelosar, rodd turistar over Bondhusvatnet, og hatt turismen som attåttnæring. Vegen inn til Bondhusvatnet vart nytta til is-transport like til 50-talet. Med Folgefonntunnel, og så Nasjonalparkstatus, vart det store endringar og nye utfordringar i Maurangerbygdene. Turistnæringa betyr framleis mykje.

Under matøkta les Marit Sofie Lea frå dagboka til frøken Othilie Mathiesen. 27.april for hundre år sidan var det storm og ruskavær!

Anny Øvrehus er fødd og oppvaksen Gjetingsdalen, Ho gav ei svært levande og interessant skildring frå barndom og oppvekst i dalen, og frå Øvrehus i Austrepollen på 60-talet.

Det vart og gjeve ei lita orientering om at Landslaget for Lokalhistorie, skal ha landsmøte i Rosendal første helga i juni på Rosendal Fjordhotel. Der skal m. vare føredrag om Halsnøyklosteret i historisk perspektiv, og om Rettstilhøva i Sunnhordland i mellomalderen. Desse føredraga er opne for medlemane i sogelaget.

Halvor Medhus gjekk så over til årsmøtesakene.

1 – Sakliste og innkalling vart godkjende.

2 – Årmelding for 2012 vart lesen og godkjend.

3 – Lars Børge Sæberg orienterte og les årsmelding frå den nye undergruppa i Kvinnherad sogelag, Krigshistorisk gruppe.

4 – Rekneskap for 2012 lesen av revisor Ansgar Bjelland, og godkjend.

5 – Valet
Framlegget frå styret vart samrøystes godkjendt:
Leiar for eitt år Halvor Medhus

Styret :
Medlemer for 2 år Anny Nygård Mehl
Cort Holtermann
Kari Fedt Haugsbakk

Står vidare 1 år Dagfin Eide
Anny Øvrehus
Eva Marie Vikane Eide

Varamedlemer for 1 år Lars Børge Sæberg
Audun Eik
Thore Kristen Christensen

Revisor for 1 år Kjell Ottar Bauge

Kari Fedt Haugsbakk
Skrivar

Årsmelding 2012
Krigshistorisk gruppe