Årsmelding Kvinnherad sogelag 2015

Årsmelding Kvinnherad sogelag 2015

Årsmøte nr 30 i sogelaget vart halde i SKL sitt kurssenter i Matre 25. april 2015.
Mykje folk hadde funne vegen til Matre denne regntunge laurdagen i april.
Årsmelding var sendt ut på førehand, og årsmøtet gjekk greit unna utan merknader.

Valet var samrøystes:
Leiar, eitt år: Anny Nygaard Mehl ( attval).
Styremedlemer, valde for 2 år: Cort Holtermann, Kari Fedt Haugsbakk,
Audun Eik, (attval).
Varafolk for eitt år: Lars Børge Sæberg, Kristen Tore Christensen, Trond Ramsøy.
Revisor for eitt år: Kjell Ottar Bauge.(attval)
Valnemd, ny: Margaret Haugland, Borgny Hovda.
Styremedlemer som ikkje var på val i år : Dagfinn Eide, Rita Martens Meyer, Eva Vikane Eide.
Ved årsmøtet fortalde og viste Jan Petter Myhre frå SKL ein biletserie, som synte hendingar og historie knytta til arbeidet med utbygginga til SKL .
Etter årsmøtet var det omvisning i kraftstasjonen Blåfalli Vik.

Aktivitetar i 2015: Det har vore halde seks styremøte og er bokført 36 saker.
Laget er i vekst, og har no 233 medlemer.
Årspengane er uendra, kr 200,- for einskildmedlemer og kr 300,- for ektepar.

Styret i laget fungerer som skriftstyre for årboka, og mesteparten av styret sin aktivitet er knytt til arbeidet med årboka. Årboka, som er den 17. i rekkja, har ”førstereis” som hovedtema. Boka har mykje interessant stoff over 162 sider, fordelt på 18 artiklar.
Opplaget var 500, men boka vart svært populær, så me laut bestilla 100 bøker ekstra.
Samarbeidet mellom skriftstyrar, styret og forfattarane har vore godt.
Stor takk til skriftstyrar Lars Jostein Rørvik.
Laget har søkt stønad til årboka, og fått tilskot frå Sparebanken Vest og Hordaland fylke. Sogelaget hadde bokkveld i Uskedalen, der årboka vart presentert i ord og tonar.

Kvinnherad sogelag har vore ein aktiv medspelar ved fleire arrangement; program til kulturfestivalen på Husnes 2015, kulturminnedagen 2015 i Omvikdalen.
Sogelaget har i samarbeid med Omvikdalen bygdekvinnelag registrert gamle vaskeplasser i Omvikdalen, sjå meir om dette på heimesida vår.
Arbeidet med å samla kunnskap om Kvinnhersdrakta,og tidlegare bunadsregistreringar, held fram.
Fleire styremedlemer har delteke på kurs i regi av Hordaland sogelag.
Leiaren i laget har delteke på Onarheimsgildet på Tysnes, og på Årbokkvelden på Sydvest bokfestival i Etne.
Dagfinn Eide og Kari Fedt Haugsbakk var utsendingar til årsmøtet i Hordaland sogelag på Bømlo i 2015. Fleire av medlemene var på tur med Hordaland sogelag til Hebridene i 2015.
Krigshistorisk gruppe har eiga årsmelding.

Rosendal, 28. 02. 2016.
For styret i Kvinnherad sogelag,
Anny Nygaard Mehl, leiar.
.