Årsmelding 2015 Krigshistorisk gruppe

Krigshistorisk gruppe årsmelding 2015.

Gruppa vart skipa i 2012, og er ei laust samansett samling av enkeltpersonar som har interesse for hendingane knytte til andre verdskrigen, med særskilt fokus på Kvinnherad.
Gruppa har ikkje nokon fast struktur. Målet er å samla kunnskap om krigen i Kvinnherad og gjera kunnskapen tilgjengeleg for fleire.
8. mai hadde Trond Ramsøy, Einar Gjertsen og Lars Børge Sæberg orientering om kampane i Ytre Hardangerfjord for eit fullsett stemneplasshus i Uskedalen. 27. aug heldt vi føredrag under museumsdagen på Rød, også her for eit fullsett hus.

Vi har også teke initiativ ovafor Hordaland Sogelag til å danna eit nettverk av krigshistoriegrupper. Så langt har vi fått til ei felles gruppe på Facebook.
Gjennom innsamlingsarbeidet av opplysningar, som spesiellt Trond står for, har vi kome i kontakt med familiane til offiserane som var med i 1940. Sven Bugge, son til ein av offiserane, og kona hans fekk omvisning i september. Ei gruppe britiske veteranar fekk omvisning 8. nov, deira minnedag for falne.
Av innsamlingsarbeidet kan vi elles nemna at vi har interjuva Alf Netland. Opplysningane frå han var med på å avdekka eit omfattande motstandsapparat som stort sett var ukjent tidlegare. Dette førde igjen til at ei brikke i motstandsarbeidet i Odda fall på plass, og til at Alf Netland kom med i boka om Saborg. Vi vart også invitert på boksleppet til Lars Borgersrud og August Rathke, og var til stades både i Bergen (Trond) og i Odda (Trond og Lars Børge).
Elles har vi hatt møte med maj Gaasø, sjef på Bergenhus museum og med stadsarkivar Yngve Nedrebø, Stadsarkivet, Bergen.
Gruppa var også involvert då 16 veteranar frå 2. verdskrigen fekk sine minnemedaljar i juni, både i innhentinga av opplysningar i forkant, og i sjølve utdelinga.
Dimmelsvik 17.4.2016
For gruppa
Lars B Sæberg