Årsmøtet 2014 vart halde 26. april på Varaldsøy Ungdomshus med 57 frammøtte.
Leiaren i laget ,Halvor Medhus, la fram årsmeldinga.
Skrivaren i laget, Kari Fedt Haugsbakk, la fram rekneskapet for 2013.
Årsmelding og rekneskap vart godkjende uten merknader.
Halvor Medhus har vore leiar i laget i 12 år, og Anny Øvrehus styremedlem i 22 år.
Dei gjekk no ut av styret, og fekk stor takk for arbeidet dei har gjort for sogelaget.

STYRET ETTER VALET:
– Ny leiar : Anny Nygaard Mehl, ( 1 år)
– Styremedlemer, valde for 2 år :
Dagfinn Eide (attval) , Eva Marie Vikane Eide (attval), Rita Martens Meyer (ny).
– Styremedlem vald for 1 år : Audun Eik (ny)
Kari Fedt Haugsbakk og Cort Holtermann var ikkje på val.
– Varamedlemer valde for 1 år, vart alle attvalde : Lars Børge Sæberg , Kristen Thore Christensen,
Trond Ramsøy
– Revisor 1 år :Kjell Ottar Bauge (attval).
Alle val var samrøystes.

STYRET HAR KONSTITUERT SEG SLIK :
Ny nestleiar er Eva Marie Vikane Eide, Cort Holtermann held fram som kasserar, og Kari Fedt Haugsbakk som skrivar og heimesideansvarleg.
STYRET SITT ARBEID :.
-Det har vore halde fire styremøte og er bokført 25 saker.
-Det er no 205 medlemer i laget, ein fin auke på 27 nye siste året.
-Styret har arbeidd med å samla stoff til neste årbok, som kjem hausten 2015.
-Leiaren og nestleiaren har delteke på årsmøtet til Hordaland sogelag på Alver hotell.
-Kulturminnedagen 2014 vart markert 13. september i samarbeid med kulturkontoret:
Gudsteneste anno 1914 i tuftene til det gamle Melskapellet.
-Leiaren i laget har vore i Drøselaget og fortalt om sogelaget sitt arbeid.
-Styret møtte mange av bidragsytarane til neste årbok, tidlegare sjøfolk, på ei samling på hytta til Audun Eik i Uskedalen.
-Sogelaget har samarbeid med Senioruniversitet om Lokalhistorisk seminar på Husnes 13. februar 2015.
-Fem medlemer har delteke på kurs i regi av Hordaland sogelag, “Den digitale kvardagen”.
PROSJEKT: Sogelaget vil i samarbeid med Omvikdalen Bygdekvinnelag registrera gamle vaskeplassar langs Omvikdalselva.

VEDTEKTENE TIL SOGELAGET finn ein på heimesida, www.kvinnheradsogelag.no.
MEDLEMSKAP I ANDRE LAG : Hordaland sogelag og Landslaget for lokalhistorie.
Hordaland sogelag arrangerar kvart år ein studietur ;“ I vikingane sine fotspor.” I 2014 gjekk turen til Færøyane, 12 personar frå Kvinnherad deltok. Turen i 2015 går til Hebridane, informasjon om den ligg på heimesida.

ÅRSMELDING FRÅ KRIGSHISTORISK GRUPPE ei undergruppe i sogelaget :
Gruppa har arbeidd mest med å samla minne og foto frå krigshandlingane i 1940.
Dei har etablert gruppa Krig i Kvinnherad på Facebook, med god aktivitet der.

Rosendal 20.02.2015 ,

Anny Nygaard Mehl, leiar Kvinnherad sogelag.