Årsmelding for Kvinnherad sogelag ved årsmøtet 26.april 2014, Varaldsøy.

Årsmøtet 2013 vart halde laurdag 27. april, med 36 medlemer i Olaløa, Mauranger.
Alle vedtak og val var samrøystes.
Leiaren i laget, Halvor Medhus, la fram årsmeldinga, som vart godkjent.
Revisoren, Ansgar Bjelland, la fram rekneskapet for 2012, som vart godkjent.
Stor takk til Ansgar som trekkjer seg etter mange års trufast arbeid.
Valet fekk følgjande resultat :
Leiar, eitt år: Halvor Medhus.
Styremedlemer, to år : Anny Nygaard Mehl, Cort Holtermann, Kari Fedt Haugsbakk.
(Stod vidare eitt år : Anny Øvrehus, Dagfin Eide, Eva Marie Vikane Eide)
Varafolk, eitt år : Lars B. Sæberg, Audun Eik, Kristen T. Christensen.
Revisor, eitt år : Kjell Ottar Bauge.
Medlemspengar vart verande kr 200 for einskildmedlemer og kr 300 for ektepar.
Kjersti Bondhus og Anny Øvrehus fortalde interessant om Mauranger i gamal og ny tid. Frå kjøkkenet kom framifrå bevertning.
Til årsmøtet for Hordaland sogelag i Tyssedal 16. og 17. mars 2013 var Anny N. Mehl og Halvor Medhus utsendingar frå vårt lokallag.
Årsmøtet for Landslaget for Lokalhistorie vart halde 1. og 2. juni 2013 på Rosendal Fjordhotell. Kvinnherad sogelag var vertskap saman med Hordaland sogelag. Opning 1. juni av ordførar Synnøve Solbakken, etterfølgt av årsmøtesaker, og eit flott festsamvær med middag om kvelden.
2. juni var det kulturbussing i Rosendal til kyrkja, steinparken og baroniet. Sidan følgde foredrag om Halsnøy Kloster og rettstilhøva i Sunnhordland.
Vi har fått heimeside : www.kvinnheradsogelag.no. Stor takk til sekretæren vår,
Kari Fedt Haugsbakk, som losa oss inn i den digitale verda.
Kvinnhersminne XVI fortalde om husmorlaga, Skorpo i soge og litteratur, og ein krigshelt og ein kvardagshelt frå Rosendal. Saman med Kvinnherad mållag hadde vi bokkveld i Uskedalen, Ølve og Mauranger, om lokale bøker av året.

Sunde i Shl, 10. april 2014,
Halvor Medhus, leiar i Kvinnherad sogelag.