Årsmelding 2012

Årsmelding for 2012 ved årsmøtet 27. april 2013

Årsmøtet 2012 vart halde på Bjørnebøle, laurdag 21. april,
og avvikla i samsvar med vedtektene.

Vi var 43 til stades. Valet gav følgjande resultat :
Halvor Medhus atvald til leiar for eitt år.
Valde for dei neste to åra : Anny Øvrehus, Dagfin Eide,
Eva Marie Vikane Eide ( ny)
Stod vidare eitt år : Anny Nygård Mehl, Cort Holtermann,
Kari Fedt Haugsbakk.
Varafolk for eitt år : Anfinn Otterå, Kristian Bringedal,
Inger Marie Saltnes.
Revisor for eitt år : Ansgar Bjelland.
Styret var valnemnd. Alle val var samrøystes.

Årspengar for einskildmedlemer er kr 200,-og kr 300 ,- for ektepar.
Ved årsmøtet fortalde Anna Ingeborg og Håkon Bjørnebøle frå den spennande soga om fjellgarden der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Restopplaget av “Kvinnheringar i krig”, omlag halvparten av 1000 eksemplar, er etter forslag frå kultursjefen i 2012, overteke av komunen.

Årbok XVI av Kvinnhersminne, for 2013, vil ta opp det omfatttande arbeidet til husmorlaga i Kvinnherad, her er det og interessant stoff frå Skorpo, Langballefamilien, “Tunet i det blå”, Herbrand Lavik og kanskje litt til.
Medlemstalet i 2012 held seg på omlag 160. Medlemene får annakvart år tilsendt Kvinnhersminne, får kvart år vera med på eit framifrå årsmøte, og kvar sommar tilbod om ein interessant tematur i kjølvatnet til vikingane.
I 2013 går tematuren første veka i august til Gotland via Roskilde i Danmark,
Interesserte tek kontakt med Tide Reiser ved Jan Sunde,
tlf 55 23 88 85.

Undergruppa, som arbeidde for ei mineplate ved kapelltufta på Mel, kom i mål med ei flott samling på kapelltufta 15.sept. 2012, Men her er ei ny undergruppe ved Lars Børge Sæberg, ho arbeider med Kvinnherad under 2. verdskrig.
Det er ei kapelltuft i Guddal og. Det burde ha vore ei minnplae her og. Vonar at nokon i grenda vil ta tak i oppgåva.

Sunde 16. januar 2013,
Halvor Medhus, leiar.