Aktivitetar med utgangspunkt i ungdomslaget (1888 – 1984)
1889 Omvikdalen Songarlag
1890 Vegparsellen Sandvik-Landa og Ripel-Fedt
1992 Nytt forsamlingshus saman med Indremisjonen på Bjørkevollen
1902 Utgraving av kjellaren til skulen på Fitjaheio
1933 Folkebadet
1938 Nytt ungdomslagshus på Fitjaheio
1946 Omvikdalen Idrettslag, som lag under ungdomslaget.
1957 Rubbestadnes Yrkesskule avd. Kvinnherad.
1976 Omvikdalen Idrettslag,starta på ny,framleis under ungdomslaget.
1984 Barnehage

Omvikdalen Songarlag (1889):
I 1989 vart Omvikdalen songarlag skipa i regi av Omvikdalen ungdomslag. Første leiaren var Nils Seim og seinare overtok Johs.L Ness.

Omvikdalen Songarlag Foto Gunnar Rabben/Grenda

Omvikdalen Songarlag
Foto Gunnar Rabben/Grenda

Fremste rekkje: Maja Stuland, Gudina Falk, Margrethe Sandvik, Ottilie Mathiesen, Kristianna Tveito og Kristina Bjørkevoll. Andre rekkje: Martha Hirth, Margrethe Sandvik, Britta Sandvik, Margrethe Lavik og Gerda Meidel. Tredje rekkje: Per Guddal, Johs. Ripel, Johs. L. Ness (dirigent), Kjetil Hjelmeland og Mons Rabben.

Friviljug vegarbeid i regi av Ungdomslaget(1890):
I 1890 Sette Omvikdalen ungdomslag i gang to store frivillige dugnadsprosjekt:
⦁ Vøla på vegen frå Sandvikjo til Landa
⦁ Ny veg frå Ripel til Fedt.

Omvikdalen forsamlingshus 1892:
Det var ikkje berre ungdomslaget som vanta lokale til møta sine. Same problemet hadde misjonsforeininga. Dei hadde i lengre tid hadde drøfta bygging av eit felles forsamlingshus med Guddal krins. Guddalskrinsen trekte seg, dei kom fram til at avstanden til det nye forsamlingshuset ville verta for lang. Etter ein del drøfting vart misjonsforeininga og ungdomslaget samde om å satsa på eit felles husprosjekt, Omvikdalen forsamlingshus.

Omvikdalen forsamlingshus, seinare Omvikdalen bedehus

Omvikdalen forsamlingshus, seinare Omvikdalen bedehus

Partane vart samde om ein felles bruksparagraf:
” Huset skal nyttast til gagn for bygda og ikkje til skade for gudstru og moral”. Sameksistensen gjekk bra i ei rekkje år, men då huset var nesten nedbetalt, strama misjonsforeininga til. Dei var missnøgde med ungdomslaget sin bruk av huset, og med bakgrunn i dette avgjorde dei at huset berre skulle nyttast til bønemøte. Dette vart ein vond og stygg konflikt og partane skilde lag, utan noko økonomisk oppgjer.

Nytt lokale i den nye skulen på Fitjaheio, 1903.
Samstundes som ungdomslaget vart utan lagslokale, skulle kommunen byggja nytt skulehus på Fitjaheio (gamleskulen som står der i dag). I utgangspunktet skulle skulen byggjast utan kjellar. Etter drøftingar med kommunen vart ein samde om at ungdomslaget skulle ta på seg å grava ut kjellaren, dersom dei fekk nytta lokalet til lagsaktivitetar.

Kjellaren som ungdomslaget grov ut til skulen (1903)

Kjellaren som ungdomslaget grov ut til skulen (1903)

I 1903 var grave- og byggearbeidet til den nye barneskulen avslutta og skuleborna kunne flytta inn i nye lokale. Lagsmøta til ungdomslaget kunne no haldast i den nye skulehuskjellaren.
I 1914 såg dei på om det kunne vera mogleg å få ein stad der folk i bygda kunne få eit ”stampevask” i ny og ne. Dei kom då fram til at ein kunne plassera stampar på loftet på skulen og så pumpa vatn opp frå kjellaren. Avløpet gjekk i eige røyr ned og ut. Dette vart nytta ei tid, men opplegget var upraktisk. Tanken om eige folkebad vart aktuell.

Folkebadet(1933)
Etter ein del planleggingsarbeid, dugnadsarbeid og positiv avtale med Johannes Ripel om fri grunn, stod Folkebadet klar til bruk i 1933. Martin Lea var eldsjela i arbeidet om å realisera folkebadet. Badet fekk innreiing med garderobe, dusjrom og badstove.

Folkebadet i Omvikdalen (1933)

Folkebadet i Omvikdalen (1933)

Fyrste tida var Johan Falk fyrmeistar, seinare overtok Henrik Falk. Dei fyrste ”badegjestene” var Martin Lea og Per Korsvold. Kostnaden vart kr. 0,75 pr. person. Tilbodet var delt i to, kvinner på ettermiddagstid og menn på kveldstid. Badet vart og nytta av folk frå nabobygdene. Interessa for tilbodet dabba av etter kvart som bad vart ein naturleg del i alle hus. Badet vart i 1961 seld til Leif Ripel, eigaren av garden som tidlegare hadde gitt fri grunn.

Omvikdalen Ungdomslag får eige lagshus (1938)

Ungdomshuset Dalheim (1938)

Ungdomshuset Dalheim (1938)

Historia syner at Omvikdalen Ungdomslag hadde eit omflakkande liv i mange ulike lokale. Ein kan nemna: gamle skulen på Hjelmeland, gamle og nye tinghuset, forsamlingshuset, skulehuskjellaren på Fitjaheio, og ved fleire høve andre lokale på Dimmelsvik.
Mykje måtte ordnast før bygging av lagshus kunne ta til. Grunn for bygget måtte skaffast. Gabriel Tveito sa seg viljug til å selja ei tomt på Fitjaheio.
Arbeidet med grunnmur vart leia av Godtfred Myklebust og fullført i 1937.
Martin Fedt var sjef for byggjenemnda. Byggjearbeidet hadde Rosendal Møbelsnekkeri på akkord, med ei kostnadsrame på kr. 3.000. Alt skulle gjerast så rimeleg som mogleg, og ein del av arbeidet skulle derfor gjerast på dugnad etter at hovudentreprisen av avslutta, noko som gav ungdomslaget ein del problem og utfordringar. Siste del av arbeidet vart utført i 1939. Inventar og utstyr vart finansiert med gåver, og mykje dugnadsarbeid vart lagt ned.
I november månad i 1938 stod det nye lagshuset klart til innviing. Det vart litt spesielt, for på same festen kunne ein feira ungdomslaget sitt 50 års jubileum.

Omvikdalen Idrettslag (1949 –ca 1960)
Idrettsgruppa var eit lag under ungdomslaget. Laget vart meldt inn i Norges Idrettsforbund og Hordaland Friidrettskrets. Laget var svært aktivt i dei fyrste åra, med deltaking i idrettsarrangement på kommunalt og fylkeskommunalt nivå.
Laget fekk kr 2.300 i løyving frå Kvinnherad kommune i 1953, så då var nok laget registrert på ein eller anna måte.
Det var for det meste friidrettsøvingar som stod på programmet. Ein årleg aktivitet var idrettsmerkeprøven. Annonser i Grenda frå 1953 syner at det idrettslaget lyste ut trimparti for damer og husmødre, v/ instruktør Herta Omvik.
Idrettsgruppa gjennomførte i perioden 1951-1954 eit omfattande arbeid med opparbeiding av idrettsplassen ved skulen og ungdomshuset.
Dei mest aktive personane i laget var, Berge Sæberg, Øyvind Sandvik, Arne Mehl, Herta Omvik, Tor Omvik, Henrik Falk.
Idrettslaget vart avvikla ca. 1960.

Yrkeskulen i Omvikdalen (1957)
Etter ein del drøfting vart Kvinnherad kommune og ungdomslaget samde med Rubbestadnes Yrkesskule om leigeavtale for kjellaren i ungdomshuset frå hausten 1957.

Yrkesskulebygget ((1966), no Omvikdalen barnehage

Yrkesskulebygget ((1966),
no Omvikdalen barnehage

Eg kjenner godt til dette då far min Anders Hovda var Rubbestadnes yrkesskule sin kontaktperson i Kvinnherad. Med bakgrunn i dette måtte heile familien stilla opp på dugnad for å gjera lokalet klart med inventar og maskinar. Frå starten av hadde skulen 2 klassar. Klassestyrarar var Kleven og Skarpenes.
I den tida var ikkje offentleg kommunikasjonen særleg god. Elevane som budde på strekninga Løfallstrand – Valen kunne pendla kvar dag. Men dei som kom frå Ølve/Hatlestrand/ eller Matre/Åkra måtte bu på hybel. Middag fekk dei på bedehuset heile den tida yrkesskulen heldt til i ungdomshuskjellaren. Elevgruppa fordelte seg stort sett halvt om halvt med hybelbuarar og pendlarar.
Yrkesskulen nytta ungdomshuskjellaren fram til 1966. Dei flytta då inn i nytt yrkesskulebygg tvers over vegen. Der var dei til den nye vidaregåande skulen vart ferdig på Husnes.
I dag blir ein stor del av bygget nytta til barnehage.

Omvikdalen Idrettslag (1976 – )
8. februar 1976 vart det starta idrettslag att, ein arvtakar av eit tidlegare lag (1945-1969). Bakgrunnen for dette var at eg og mange med meg i nærområdet såg at det var lite og ikkje aktivitetstilbod for ungane utanom skuletida.
I heile 1975 hadde vi ulike ”prøve”-aktivitetar som springing/hopp, terrengløp, orientering og skirenn. Resultata i denne perioden var så gode at vi vart samde om å restarta idrettslaget, og då som ei lag under ungdomslaget. Dette hadde praktiske årsaker, vi fekk gratis øvingslokale i ungdomshuset. Kort tid etter etableringa i 1976 vart laget meldt inn i Norges Idrettsforbund, Hordaland Idrettskrets og Norges skiforbund. Seinare vart idrettslaget eige lag.
Noko med det første vi gjennomførde som fellesaktivitet var Aterstad-marsjen.
Dei første åra utmerka laget seg med stor aktivitet innan skisporten, med mange karusellrenn og faste treningskveldar i Fjellhaugenområdet.
Dei som var med i det første styret var: Egil Hovda, Inger Søllesvik,
Kristin Stuland Stensletten, Jan Tveito og Liv Bakka.

Barnehage (1984):
Hausten 1984 leigde Omvikdalen Husmorlag kjellaren i ungdomshuset til barnehage. Seinare vart det etablert barnehage i dei gamle lokala til yrkesskulen.

Litteraturliste:
⦁ Skulen i Kvinnherad gjennom 250 år (1739 – 1989), v/ Jorunn Toskedal,
Otto Vikane, Arne Digernes og Aslug Eik.
⦁ Jubileumsskriv Omvikdalen Ungdomslag 100 år (1888 – 1988)
v/Aslaug Eik og Kari Fedt Haugsbakk
⦁ Bygdesoge for Kvinnherad I v/Erling Vaage
⦁ Kvinnherad 1837 – 1945 v/Tor Bringedal

Obs! Dersom du har forslag om tilleggsopplysningar eller rettingar kan du senda dei til:

Egil Hovda, Goto 6B 5470 Rosendal
Telef. 91315887
E-mail: e-hovda@online.no