Kvinnhersminne – Årbok XVI

På årsmøte i Norges Husmorlag i Ullensvang i 1981. Aslaug Eik og Inger Lund frå Omvikdalen Husmorlag deltok med dramatisering av "Kvinner i Noregssoga".

På årsmøte i Norges Husmorlag i Ullensvang i 1981. Aslaug Eik og Inger Lund frå Omvikdalen Husmorlag deltok med dramatisering av «Kvinner i Noregssoga».

Kvinnhersminne Årbok XVI – 2013, Husmorlaga i Kvinnherad.

Boka har tre tema:
Husmorlaga i Kvinnherad, Skorpo , og 2 forteljingar frå Rosendal.

Forord : I år, 2013, ved 100-årshøgtida for full røysterett for kvinner, er det naturleg å løfta fram Husmorforbundet og deira mange lag i Kvinnherad. Her fekk kvinnene, i tillegg til mykje anna, opplæring i organisasjonsarbeid og trening i å tala i forsamlingar. Sunde og Halsnøy var dei første i rekka av i alt 18 lag, begge skipa 1936. Det kom fem til før storkrigen (1940-1945), som skapte avbrot i arbeidet. Etter på kom arbeidet i gang att. Til sist i 1981, 45 år etter dei to første, fekk også Fjelberg sitt lag.
Dei første 10-åra etter krigen var laga si stordomstid. Det var ein epoke då husmødre flest var heimeverande. Det gjorde godt å koma ut å møta likesinna. Kvart av dei 18 laga har si soge. For dei fleste har vi fått einkvan til å skriva. Nokre av skrivarane har sjølv vore med og hugsar lagsarbeidet, andre har bladd gjennom skrifter og protokollar eller har snakka med dei som var med.
Med variasjonar var mangt likt frå lag til lag: Kvinnene hadde det kjekt saman med kaffikos, konkurransar, kåseri og opplesing frå lagsblad. Drivkrafta i samkomene var sakene dei tok tak i: bygging av barnehagar og aldersheimar, støtte til musikklag og utstyr til nye skular, gåver til kyrkjelege formål m.m. Dessutan var her kurs av mange slag t.d. barnestell, hygiene og handarbeid. Dei siste åra har arbeidet samla seg om kvinnene sine rettar: pensjonspoeng for omsorg for born under 7 år, kontantstøtte til born under 3 år, eit varmare fleirkulturelt samfunn m. m.
Mot slutten av 1900-talet merka Husmorforbundet nedgang i medlemstal og interesse, som dei fleste lag og organisasjonar. Eit særleg problem var stendig færre heimeverande husmødre. For å vera inkluderande for alle kvinner bytte Husmorforbundet, 1997, namn til Norges Kvinne og Familieforbund (K & F). Men nedgangen har halde fram. I våre bygder er berre to av dei 18 laga att: Utåker og Høylandsbygd.
Malena Aasen har gjort eit kjempearbeid med å leita opp lag, og informantar der dei er å finna.

Det andre temaet i denne årboka er Skorpo, øya som stig ruvande opp av sjøen utanfor Uskedalen. Sidan 1835 har familien Langballe hatt tilhald her. Dei har dansk opphav og som mange blant tidlegare tiders danske innvandrarar vart dei rekna til overklassen. Blant dei andre øybuarane hadde dei lenge eit særpreg noko Ragna Langballe Hjelmeland fortel om i sine barndomsminne. Ho fortel og om dei dramatiske aprildagane i 1940 då både norske og tyske soldatar kom hit. Øya hadde stor strategisk betydning pga. telefonlinja som gjekk over fjorden og kom på land her.
Øya har og sett spor i norsk litteratur. Ei tid i krigsåra hadde forfattaren og journalisten Herbrand Lavik tilhald her med familien sin. Opphaldet førte til romanen ”Tunet i det blå”, 1945, der handlinga, lett kamuflert, er lagt til Skorpo. Den fortel dramatisk om folkeliv og rikspolitikk med kjærleik, liv og død i nødsåra fram til 1814, året som forandra noregssoga.

Vi har og fått to stykke frå den framifrå forteljaren Kaare Skaala : I soga om «Den bortkomne farbroren» fortel han om farbroren som drog over til Amerika i mellomkrigstida. Då krigen kom, gjekk han inn i dei amreikanske styrkane, og var med på landgangen i Normandie. Han overlevde både landgangen og krigen. Men kvar vart det så av han ? Det har Kaare funne ut av.
I den neste soga fortel Kaare om kvardagshelten som fekk det til å veksa og gro på det karrige Fossberg i Rosendal.

I margen tl sogene om husmorlaga har vi lagt inn nokre bilete frå annonsene i damebladet «Urd» i 1937. Dei fortel om lengsler, behov og krav hos husmødrene i førkrigstida.
Ved dei to artiklane om Husmorforbundet er det sett inn eit visdomsord frå Salomos Ordtøke, og ved kvar av sogene om husmorlaga er det sett inn eit råd om sunt liv frå «Allmenfattelig Sunhedslære for Folket, en Beskrivelse af det menneskelige Legeme i sund og syg Tilsand» , 1874 av dr.Carl Bock.
Til slutt : Stor takk til alle skribentane og fotografane for det dei har lagt ned av tid og krefter.
Ei særleg takk til SpareBank 1 Stiftinga som har sponsa årboka med kr 15.000.
Med ønskje om mange gode stunder med Årbok XVI og ei hyggeleg jul og eit nytt år med gleder og utfordringar.

Skriftstyret.

Husmorlaga
Norges Husmorforbund, nasjonalt og internasjonalt av Malena Aasen
Norges Husmorforbund lokalt av Malena Aasen
Ølve kvinne- og familielag av Malena Aasen
Ænes husmorlag av Anne Beth Enes
Mauranger Husmorlag av Anny Øvrehus
Løfallstrand husmorlag kort omtale av red.
Rosendal Husmorlag 30 år av Helga Eskeland Mehl
Omvikdalen Husmorlag av Kari Fedt Hausbakk og Ingrid Lund
Uskedalen Husmorlag av Erna Ljosnes
Bringedalsbygden/Herøysundet husmorlag av Halvor Medhus
Øvre Husnes Husmorlag av Malena Aasen
Husnes Husmorlag av Bjørg Kleven Kaldestad
Valen husmorlag av Inger Marie Saltnes
Sandvoll/Skarveland husmorlag av Aud Handeland
Utåker Kvinne- og Familielag (Utåker Husmorlag) av Ingrid Holmedal
Matre husmorlag av Malena Aasen
Åkra husmorlag av Malena Aasen
Halsnøy Husmorlag 1936 – 2005 av Åshild Alsvær og Anne-Helen Særsten
Høylandsbygd Husmorlag gjennom 73 år av Irene H. Bjørgen
Fjelberg husmorlag kort omtale av red.

Skorpo
Barndomsminner fra Skorpenav Ragna Langballe Hjelmeland
Krigsminner fra Skorpen våren 1940 av Ragna Langballe Hjelmeland
Romanen «Tunet i det blå» omtale ved Halvor Medhus
Herbrand Lavik, forfattaren av «Tunet i det blå» omtale ved Halvor Medhus

Forteljingar frå Rosendal
Den bortkomne farbroren av Kaare Skaala
Jens Jensson Fossberg av Kaare Skaala