Kåseri av Anders Haugland på årsmøtet i Kvinnherad sogelag 22. april 2017
Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland (etter reformasjonen og fram til 1800-talet)

Me går 370 år tilbake i tid. Til ein mørk ettermiddag på onsdagen den 13. oktober 1647.

Sørover gjennom Høylandssundet sigla det ein vengebåt (husbåt). Om bord sat 15 menneske: ikkje mindre enn ti rorskarar og tre tenarar og deira to høge herrar: futen Ananias Absalonsen og sorenskrivaren Jørgen Klementsen. Dei to som styrte tingseta i Sunnhordland. Dei kom frå Valo (Valen) i dåverande Skånevik skipreide, nå i Kvinnherad kommune. Dei var på veg til neste tingsete, i Etne. Les meir

Kvinnherad sogelag hadde årsmøte på Spiskammerset i Rosendal laurdag 22. april.
Medlemar frå heile kommunen, nærare 70 i talet, hadde funne vegen til Rosendal denne dagen.

Leiaren i sogelaget, Anny Nygaard Mehl, loste oss gjennom årsmøtesakene, som gjekk raskt unna.
Årsmelding og rekneskap vart godkjende uten merknader. Medlemspengane vert uendra.
Anny Nygaard Mehl held fram som leiar, med seg i styret har ho Dagfinn Eide, Cort Holtermann, Rita Martens Meyer, Eva Vikane Eide, Audun Eik. Lars Jostein Rørvik kom inn som nytt styremedlem, og Kari Fedt Haugsbakk går ut av styret.
Varafolk er Trond Ramsøy, Kristen Thore Christensen og Jan Olav Sunde. Les meir

Kvinnherad sogelag har fått invitasjon til å vera med på tur med D/S Stord I :
Stiftelsen D/S Stord I eig «Stord I» og formålet til stiftelsen er istandsetjing, vedlikehald og drift av skipet. Bergen er heimehamnen. Seglingsområde er Vestlandet.
D/S Stord vart bygd på Laksevåg i 1913 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap – HSD. Båten var rutebåt i området Bergen –Sunnhordland og Bergen – Hardanger fram til 1969.
I sesongen 2017 er sett opp 30 seglingsdaga.
Fredag 18. august vil me spesielt invitera medlemmer i sogelag og pensjonistlag med på tur i Sunnhordlandsbassenget. Les meir

Kvinnherad sogelag skal ha årsmøtet sitt på Spisskammerset i Rosendal( Skålagato 3),laurdag 22. april. Etter årsmøtesakene, som vi reknar med går greit unna, vert det servert lunsj. På årsmøtet i år har vi eit rikhaldig program.

Gurine heim i Rosendal att, juni 2011. Foto Bjarne Øymyr

Gurine ved kai i Rosendal juni 2011.
Foto: Bjarne Øymyr

Aslaug Eik vil lesa prologen ho skreiv i samband med at Landslaget for lokalhistorie hadde årsmøte i Rosendal i 2013.
Bygdebokforfattar og lokalhistorikar Anders Haugland vil fortelja om Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland.
Les meir