Trond Ramsøy med gåvebrevet

Trond Ramsøy med gåvebrevet

Haustutdelinga til Sparebank1-stiftinga var dette året på nesten 4 mill. kroner. Krigshistorisk gruppe i sogelaget hadde søkt om kr 60.000 til kjøp av dokumentasjon frå ulike arkiv, og fekk tildelt heile summen.
«Vi har henta ut det vi finn i dei arkiv der vi får gratis eller billeg tilgang. Men vi ser at det ligg svært interessante dokument om Kvinnherad si historie i åra 1939 til 1945 i arkiv og hjå private samlarar i inn og utland. Desse kostar dyrt å få ut, sume tek td 50 kroner for å kopiere ei einaste side», sa Lars Børge Sæberg då han takka for gåva. Les meir

Vika-Hansen , vassferd ifrå Kokehølen i Nereelvo i Håvikjo.

Vika-Hansen , vassferd ifrå Kokehølen i Nereelvo i Håvikjo.


Besten på fisketur.
Ei soga av Eva Eide på Ølvesmål.

Besten va so tela på sjødn ein dag, han va so hikjen på fisk.
Da såg ut til å bli nedberdsla, so han tok våsakle med seg.
Ferinjen låg på bukka neri våro, men hadde tokka seg litt te eina sio. Besten fant ein stronje te vågamat og fekk han på rett kjøl. Han smorde litt gris på ludnane so båten glei fint utøve floamålet. Snøre og kleppen låg i ronjo. Busseron va dei dagars redningsvest. Les meir

Slåttekarar i Neregarden 1945

Tre staute slåttekarar i Neregarden, Håvikjo, Ølve, år ca. 1945. Frå venstre: Hans Vikane med sønene Torleif og Johannes


SLÅMASKINA
Ein liten tanke i frå den gongen, eg haurde duren av slåmaskinsongen.
Besten slo vendeteigen med ljå, og i stallen vart øykjen sela på.

Orepinn i, bukjore strama, faks og man strigla, Viktoria heitte dama.
Slåmaskinskniven slipa og kvekt, ein arv  frå slekt te slekt. Les meir