Hordaland sogelag hadde årsmøte i Norheimsund helga 5. – 6. mars. Det møtte tre utsendingar frå Kvinnherad sogelag, Audun Eik, Dagfinn Eide og Rita Martens Meyer. Kari Fedt Haugsbakk frå Kvinnherad møtte som styrerepresentant i Hordaland sogelag.
I samband med årsmøta i Hordaland sogelag vert det arrangert lokalhistoriske dagar, der det lokale vertskapet står for programmet. I år var det Kvam soge- og kulturminnelag som stod for arrangementet. Vi har saksa litt av omtalen frå eit referatet frå Tysnesbladet : Les meir

Årsmøtet i Kvinnherad sogelag vert laurdag 23. april kl 13.00 i bedehuset på Utåker. Årsmøteprogram vert lagt ut seinare, men set av dagen alt no !


Marie Eik Nygård tok fram handkjerra og stampane med klesvask og tok ein liten vaskedemonstrasjon for oss. Ho sytte ikkje med å skjylja klær i den iskalde elva, det var så kaldt at klesvasken var åt å frysa fast på elvasteinane. Tusen takk til Marie !
Amatørfotograf med naglabit : Kari Fedt Haugsbakk