Skriftsyraren Lars Jostein Rørvik får velfortente blomar. Foto : Ola Matti Mathisen

Skriftsyraren Lars Jostein Rørvik får velfortente blomar. Foto : Ola Matti Mathisen

Kvinnherad sogelag hadde presentasjon av årbok nr XVII – “Førstereis», i Uskedalen torsdag 22.10.
Det var eit svært triveleg kveldsstund, med omlag 40 frammøtte.
Leiaren i laget, Anny Nygaard Mehl, leia samkoma. Ho fortalde litt om bakgrunnen for at ein hadde valt førstereis som hovudemne – å ta vare på minne frå sjømannslivet – ein epoke i norsk skipsfart som no definitivt er over. Les meir

Korleis opplevde den unge guten eller jenta frå ei lita bygd møtet med den store verda? Var lengten til heimen like overveldande som det store havet dei skulle kryssa på veg mot ei ukjend hamn? Ville freistingar på ulike område, eller andre dramatiske hendingar, setja varige spor i eit ungt sinn?

Framside årbok XVIIKvinnhersminne – årbok XVII er no klar frå trykkeriet. Det er blitt ei flott bok, som vi gler oss til å syna.
Torsdag 22. oktober kl 18.00 vil den bli presentert ved ei tilskiping i det gamle skulehuset i Uskedalen. Denne utgåva av årboka handlar i hovudsak om kvinnheringar som gjorde si første reis i utanriksfart. Dessutan har sjømannspresten, husmora ved sjømannskyrkja og «sjømannsenkja» gjeve sine bidrag til boka. I tillegg til desse historiane kan ein lesa om den gamle handelsstaden Dimmelsvik, og om «Fabrikkane på Dimmelsvik». Les meir