Årsmøtet vart halde i SKL sitt kurssenter i Matre, laurdag 25.april 2015.

Deltakarar :
Frå styret møtte : Anny Nygaard Mehl, Dagfinn Eide, Rita Martens Meyer, Audun Eik,
Kari Fedt Haugsbakk.

Det var 62 frammøtte, av dei 45 medlemar.
Til å skriva under årsmøteprotokollen vart valde Anfinn Otterå og Ragnar Nøttveit.

Årsmøtet vart opna av leiaren i Kvinnherad sogelag, Anny Nygaard Mehl, ho les diktet Blåfalli, av Samuel Aarholm. Og i god sogelagstradisjon song årsmøtelyden deretter No livnar det i lundar, før ein tok fatt på dei formelle årsmøtesakene. Les meir

Jan Petter Myhre syner plantegning for Blåfoss by.

Jan Petter Myhre syner plantegning for ein Blåfoss by.

Kvinnherad sogelag hadde årsmøte i Matre laurdag 25.april. Mykje folk hadde funne vegen til Matre, ausande regnvær såg ikkje ut til å skremma nokon. Møtet vart halde i SKL sitt flotte kurssenter i Matre, og der vi vart svært god mottekne av informasjonssjef i SKL, Jan Petter Myhre.
Årsmøtesakene gjekk som vanleg greit unna uten merknader. Laget er i fin vekst, og har no 220 medlemer.
Anny Nygaard Mehl held fram som leiar, og det var attval på styret og varafolk. Les meir

Hebridene Callanish_standing_stones_1Hordaland Sogelag arrangerer spanande studietur til Hebridene.
Hebridane vest om Skottland er eit gamalt ”Viking område” som ikkje vert vitja så ofte frå Noreg. Hebridane tilhøyrer Storbritannia og omfattar ca. 500 øyer (ca. 100 bebudde). Arealet er 7283 km² og innbyggjartalet er rundt 30 000. Les meir

Frå Kvinnherad sogelag deltok fem representantar på seminaret. Det var svært nyttig å koma saman og få nye innspel, og høyra korleis andre lag arbeider med årbokutgjeving. Sjå fyldig omtale på heimesida til Hordaland sogelag.

Gode sogelagsfolk

Velkomne til årsmøte i Kvinnherad sogelag
på SKL sitt kurssenter i Matre,
laurdag 25. april kl 13.00.

Sakliste:
1 Godkjenning av innkalling
2 Årsmelding
3 Rekneskap
4 Val
5 Fastsetjing av årspengar for neste år
6 Andre saker
Andre saker må liggja føre hos styret seinast 14 dagar før årsmøtet.

Etter årsmøtesakene er unnagjort, vert det servert lunsj. Den kostar kr 150,-. Les meir