Hordaland sogelag skipar til Eidsvollstur 9. – 11. april 2014.

Det blir sett opp buss frå Bergen 9. april, med retur 11. april. Jubileumsmarkeringa på Eidsvoll blir torsdag 10. april og me får med oss heile feiringa den dagen. Du kan melda deg på til turen allereie no hjå Tide Reiser.
Programmet for turen og litt historikk finn du på heimesida til Hordaland Sogelag

Landslaget for lokalhistorie hadde årsmøte i Rosendal første helga i juni 2013. Under festmiddagen les Aslaug Eik opp ein sjølvskriven prolog. Aslaug, som no går i sitt 88.år, fekk ståande applaus av festlyden. Vi har fått lov av Aslaug å dela prologen med lesarane våre :

Prolog av Aslaug Eik

I kveld har eg tenkt å ta dykk med på ei namneferd,
i bygdene her.

Les vi bygdesoga vel,
undrast vi kva namn fortel.
Om dei som rudde, bygde her.
Om deira tankar, tru og gjer.
Les meir

Bokkveld i Mauranger.
Torsdag 5. desember kl 18.00 , blir det bokkveld i Samfunnshuset i Sundal.
Les meir