Kvinnherad sogelag har veldig kjekke og interessante årsmøte. I april 2012 var vi på fjellgarden Bjørnebøle. Vi vart svært godt mottekne av vertskapet Anna Ingeborg og Håkon Bjørnebøle. Dei har gjort eit stort arbeid med å restaurera bygningane, samla gamle gjenstandar, og laga eit «levande» tun. Håkon fortalde om soga til fjellgarden, som og var soga om forfedrane hans. Og Anna Ingeborg sine mjelkekaker var festmat!

Bileta er tekne av Brita Fedt Sunde. Sjå fleire bilete ved å klikka på pil eller sjølve biletet.